Dette filteret utvider og forsterkar mørke område i det aktive laget eller det aktive utvalet.
Kvar verdipiksel (lysmengde) i biletet blir sett til den lågaste verdien (mørkaste) av dei 8 nabopikslane i ei 3 × 3 matrise. Dette kan i noen tilfelle generere støy i biletet i og med at mørke pikslar på ein lys bakgrunn kan bli til mørke fargeflekkar på 3 × 3 pikslar.
På dette biletet er det ei raud ramme rundt den aktive pikselen og ei grøn ramme rundt den tilsvarande matrisen. Den aktive pikselen vil få den mørkaste fargen, dvs. svart, i området som blir dekka av matrisa.
Eit større, mørkt område vil bli utvida med ein mørk piksel i alle retingar:
På dette biletet er filteret køyrd tre gonger.
På meir komplekse bilete blir dei mørke områda utvida og til ei viss grad forsterka samstundes med at biletet blir svakt «pikselert». På dette biletet er filteret køyrd tre gonger:
Dersom bakgrunnen er mørkare enn forgrunnen, vil filteret sjølvsagt dekke heile biletet.