13.12. Puslespel

13.12.1. Oversyn

Figur 17.312. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Puslespel»


Dette filteret gjer at biletet ser ut som eit ferdig samansett puslespel. Strekane har lett for å bli hakkete, men dette kan enkelt utbetrast med filteret Gaussisk sløring med radius omkring 1,0.

[Tips] Tips

Dersom du har behov for å markere enkeltbitar frå puslespelet, kan dette gjerast ved å teikne puslespelet på eit separat lag fylt med einsfarga kvit. Sett lagmodus til «Multipliser» og klikk på bitane i dette nye laget med verktøyet tryllestaven.

13.12.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterelementPuslespel

13.12.3. Innstillingar

Figur 17.313. Innstillingane for filteret «Puslespel»

Innstillingane for filteret «Puslespel»

Talet på bitar

Glidebrytarane styrer kor mange bitar det skal vere bortover og nedover.

Avrunda kantar

Fasettbreidde

Denne glidebrytaren blir brukt til å runde av kantane på bitane. Ein liten verdi her gir inntrykk av at puslespelet er skore ut i tre, medan ein større verdi gir avrunda kantar omlag som dei du finn på puslespel i papp.

Høglys

Dette er «gjenskinnet» i kantavrundingane for kvar bit. Breidda på høglyset er relativ til breidda på kantavrundinga. Som regel bør du bruke låge verdiar på desse to glidebrytarane når puslespelet inneheld mange bitar, og høgare verdiar når spelet har få bitar. Standardinnstillingane høver for eit 500 × 500 pikslars bilete.

Puslespeltype

Du kan velje mellom to typar puslespel:

Firkanta

Dette gir bitar med rette linjer.

Bøygd

Dette gir kurveforma bitar.