Dette filteret deler det aktive laget eller det aktive utvalet opp i mosaikkfliser som blir skilde med fuger. Flisene blir litegrann oppheva for å forsterka mosaikkverknaden.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen
. Førehandsvisinga viser bare ein del av biletet dersom biletet inneheld eit utval. (Gjeld ikkje alle oppsett). Ikkje bruk førehandsvisinga aktivt dersom datamaskinen jobbar sakte.Desse vala skulle vere sjølvforklarande, og bestemmer grunnforma for flisene:
Firkanta fliser
Sekskanta fliser
Ei blanding av åttekanta og firkanta fliser
Lager trekanta fliser
Bestemmer relativ storleik på flisoverflatene frå 5,0 til 100,0.
Bestemmer den tilsynelatande høgda på flisene frå 5,0 til 100,0 pikslar.
Dette er avstanden mellom flisene.
Denne glidebrytaren bestemmer frå 0,0 til 1,0 kor einsarta flisene skal vere. Med verdien sett til 1 vil dei fleste flisene ha same form og storleik. Med verdien 0 vil flisene få tilfeldig storleik, og ofte også noe tilfeldig utsjånad.
I utgangspunktet er lyset sett til å kome frå øvre, venstre hjørne (135°). Dette kan du forandre etter behov med denne glidebrytaren.
Kvar flis har bare ein farge. Dermed blir også talet på fargar i biletet redusert. Med denne glidebrytaren kan du auke fargemengda i biletet lite grann.
Dette valet glatter ut kantane på flisene.
Dersom det ikkje er merka av for dette valet, vil originalteikninga vere synleg på flisene. Er det merka av for denne funksjonen, vil kvar flis få gjennomsnittsfargen for området flisa dekker.
Gjer at flisene kan delast i fleirfarga område for å gi betre fargeovergangar i bilete med mange detaljar.
Dette valet gir flisene ei ruglete overflate.
Gjer at flisene blir belyste med forgrunnsfargen i verktøykassa, medan skyggene får farge frå bakgrunnen. Også fugene får bakgrunnsfargen.