2.6. Pikseliser

2.6.1. Oversyn

Figur 17.16. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Biletet er «pikselisert»


Dette filteret omformar biletet til store fargeblokker noe liknande slike som blir brukte på fjernsyn for å kamuflera ansiktet til folk som ikkje skal gjenkjennast. Denne effekten er nærare forklart i [BACH04] som «Abraham Lincoln Effekt».

2.6.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterSløringPikseliser

2.6.3. Innstillingar

Figur 17.17. Innstillingane for filteret «Pikseliser«

Innstillingane for filteret «Pikseliser«

Pikselbreidde, Pikselhøgde

Her bestemmer du breidda og høgda på fargeblokkene.

Normalt er breidde og høgde lenka saman, vist med lenkesymbolet. Du kan fjerne samanlenkinga ved å klikke på lenkesymbolet.

Du kan bestemme måleeining for høgde og breidde i rulleboksen.