Dette filteret er tenkt brukt nettopp for å fjerne dei raude augerefleksane som kan oppstå i menneskeauge når du fotograferer med blitz. Dersom det er eit utval i biletet, vil filteret arbeide på dette. Både for å unngå å forandra raudfargane i heile biletet, og for lettare å kunne sjå den ønskte verknaden, bør du difor lage eit passande utval rundt augeområdet med lasso- eller ellipseverktøyet. Dersom du gløymer å gjere utvalet, vil filteret minne deg om at «Du kan som oftast forbetra resultatet ved å marker augeområdet manuelt på førehand».
Når «førehandsvisinga» er aktivert, vil endringane bli viste der før du legg dei til i biletet. Dermed kan du prøve deg fram for å finne den rette innstillinga for terskelverdien.
Med denne glidebrytaren bestemmer du grenseverdien for kor mykje av raudfargen som skal omformast til svart.