8.38. Retinex

8.38.1. Oversyn

Figur 16.201. Eksempel på bruk av filteret «retinex»

Eksempel på bruk av filteret «retinex»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «retinex»

Etter bruk av filteret. Legg merke til nye detaljar i øvre, høgre hjørne.


Dette filteret forbetrar den visuelle framstillinga av eit bilete tatt under dårlege lystilhøve. Menneskeauget kan tilpassa seg og oppfatta fargar nokså korrekt sjølv i lite lys. Digitale kamera er derimot dårlege på dette. Difor er det utvikla ein del matematisk algoritmer som prøver å forbetra resultata frå kamera. Ein av desse er MSRCR (MultiScale Retinex with Color Restoration) som er inspirert av, og prøver å etterlikne, dei biologiske prosessane i auget. Det er denne algoritmen som blir brukt i dette retinexfilteret. Ordet «retinex» er forrsten sett saman av «retina» (netthinne) + «cortex» ((hjerne)hinne).

Retinex-algoritmen blir også nytta for å gjere informasjonen i astronomiske bilete og satelittbilete meir synleg, til å forbetra strukturen i røntgenbilete og medisinske skanningar og elles der det måtte vere behov for å gjere bileta tydelegare.

8.38.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret på biletmenyen via FargarRetinex

8.38.3. Innstillingar

Figur 16.202. Innstillingane for filteret «retinex»

Innstillingane for filteret «retinex»

For å forstå dette filteret treng ein inngåande kjennskap til formlane som ligg til grunn og ein god dose høgare matematikk. Sidan føremålet med filteret er å gjere biletet visuelt betre, er den enklaste måten å prøve ulike innstillingar for filteret og studera resultatet etter kvart i førehandsvisinga. Bruk eventuelt dokumentasjonen nedanfor som ei enkel rettleiing.

Nivå

Utviklaren av dette programtillegget skriv på nettsidene (www-prima.inrialpes.fr/pelisson/MSRCR.php) sine: « For å karakterisere fargeforandringane og den framherskande belysninga jamnar vi ut intensiteten i dei (gaussiske) filtra ved å setje ulike skalaer. Desse parametra gjer det mogleg å spesifisera verdiar mellom minimum (sigma 2,0) og maksimum (der sigma er lik biletstorleiken). »...

Einsarta

Gjer at område med høg og låg intensitet blir behandla nokolunde likt.

Lågt

Til vanleg vil dette valet «lyse opp» område med låg intensitet i biletet.

Høgt

Ser ut til å «gløyme» område med låg intensitet i favør av ei betre utteikning av dei klårare områda i biletet.

Skalering

Bestemmer djupna på retinexskalaen. Minimumsverdien 16 lagar ein sterk filterverknad. Maksimumverdien er 250. Normalinnstillinga er sett til 240.

Gjentakingar

Bestemmer kor mange gonger Retinexfilteret skal køyrast. Det blir tilrådd å bruke tre gjennomkøyringar, noe som også er minimum. Med ei eller to gjennomkøyringar mister ein mykje av effekten og ender opp med ei enkel Retinexfiltrering. Blir verdien sett for høgt, vil dette ofte generere støy i biletet.

Dynamikk

Sidan MSR-algoritmen har ein tendens til å gjere biletet lysare, kan du justera metninga med denne glidebrytaren. Ein høgare verdi betyr mindre fargemetning. Effekten er svært avhengig av innhaldet i biletet, så her er det bare å prøve seg fram med ulike verdiar.