Dette filteret roterer fargane langs fargesirkelen, frå eit vald område av sirkelen til eit anna vald område.
Dialogvindauget inneheld to fargesirklar, ein for fråfarge og ein for tilfarge:
Fargesirkelen: Dei to visarane indikerer «fråområdet». Den bøygde pila peikar frå startvisaren mot sluttvisaren for området. Klikk og dra visarane til ønskt posisjon.
Med/Mot klokka: Bestemmer retninga for utvalet.
Endra rekkefølgja for pilene: Bytter om på frå- og til-visarane. Dette resulterer i ei markant fargeendring sidan fargane i dei markerte vinklane er ulike.
Vel heile: vel heile fargesirkelen.
Boksane Frå og Til syner posisjonane for pilane i rad/PI. Du kan skrive direkte i desse boksane.
Innstillingane er dei same som for «Frå».
Denne fanen blir brukt for å bestemma korleis grått skal behandlast. Normalt blir grått ikkje behandla som ein farge, og blir såleis heller ikkje tatt med i fargerotasjonen. Med innstillingane her, kan du likevel omforma mindre metta fargar til grå, eller omforma grå til farge.
I midten av fargesirkelen er det ein liten definisjonssirkel. Denne sirkelen viser kva som blir grått. Dersom du utvidar grågrensa, vil alt som har ei metning mindre enn denne grensa bli grått.
Du kan definera kulør og metning ved å flytte definisjonssirkelen rundt i fargesirkelen eller ved å bruke innskrivingsboksane. Dei valde fargane vil bli sett inn i staden for alle fargane du har definert som grå. Resultatet er likevel også avhengig av kva gråmodus som er sett.
Radioknappane Behandla som denne og Endra til denne bestemmer korleis innstillingane ovanfor skal behandlast:
Er knappen Endra til denne aktiv, vil alle grå område bli endra til den fargen som er definert i definisjonssirkelen, uavhengig av innstillingane for rotasjonen.
Er det merka av for Behandla som denne, vil grå få fargen frå definisjonssirkelen i høve til vala sette i «Til» og «Frå». Du kan bare bestemme farge på «Frå»-sektoren, sjølv om han ikkje er synleg i grå-fanen.
Verdien her bestemmer kor mykje metning ein farge må ha for å bli oppfatta som grå. Dess høgare tal dess større del av fargen blir omforma til grå. Dette blir også vist ved at den vesle sirkelen i fargesirkelen aukar og i førehandsvisinga dersom det er merka av for «Oppdater konrinuerleg». Du kan prøve dette med ein svart til kvit fargeovergang. Aukar du metningsgrensa vil også det farga området av fargaovergangen bli større.
Øvst i førehandsvisinga finn du ein miniatyr av originalbiletet. Under dette eit bilete som viser resultatet av fargeroteringa. Originalbiletet blir ikkje forandra før du trykker knappen
.Dersom denne er avmerka, noe han bør vere, vil alle endringane du gjer bli viste etter kvart i førehandsvisinga.
I denne nedtrekksmenyen kan du velje mellom
Heile laget: Arbeid på heile laget. (Heile biletet dersom ingenting er markert).
Utval: Viser og arbeider bare på utvalet.
Samanhang: Viser utvalet i biletsamanhengen.