3.22. Einingar

Einingshandteraren viser ei liste med informasjon om kva for måleeiningar som er i bruk i GIMP. Du kan også legge inn nye måleeiningar som kan brukast i GIMP.

3.22.1. Aktivering

Du får tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerEiningar

3.22.2. Beskriving av «Einingshandteraren»

Figur 16.24. Dialogvindauget for «Einingshandteraren»

Dialogvindauget for «Einingshandteraren»

Biletet viser dialogvindauget for «einingshandteraren». Denne lista viser kva for måleeiningar som er definerte. Du kan klikke på ein av knappane Ny eller Duplikat for å lage nye måleeiningar.

Beskriving av listeelementa

  • Lagra: Dersom du har kryssa av her, vil definisjonen bli lagra når du sluttar av GIMP. Dei einingane som er utheva med farge øvst på lista vil alltid bli lagra, same kva du meiner.

  • ID: Namnet GIMP bruker for å identifisera eininga.

  • Faktor: Kor mange einingar som må til for å få ein inch (engelsk tomme).

  • Siffer: Dette blir brukt i felt for innskriving av tal, og viser kor mange desimalar eininga må ha for å bli like nøyaktig som ein «inch» (engelsk tomme) skrive med to desimalar.

  • Symbol: Blir brukt bare dersom det finst eit eige symbol for eininga, som t.d. " for tommar. Elles blir den vanlege forkortinga for eininga brukt.

  • Forkorting: Den vanlege forkortinga for eininga. (T.d. «cm» for centimeter).

  • Singularis: Namnet på eininga i eintalsform.

  • Pluralis: Namnet på eininga i fleirtalsform.

3.22.3. Å definere nye einingar

Figur 16.25. Dialogen for «ny eining»

Dialogen for «ny eining»

Å legge til den nye eininga «wilbers»


Du får fram dialogvindauget vist ovanfor ved å klikke på ein av knappane Ny eller Duplikat i einingshandteraren. Innhaldet i kvart av felta er omtalt ovanfor.

Dersom du klikkar på knappen Ny, er dei fleste innskrivingsfelta tomme. Trykker du knappen Duplikat kjem dialogen opp ferdi utfylt med verdiane frå den eininga du har markert i Einingshandteraren. Du kan redigere verdiane etter behov.