4.15. Avrunda rektangel

Figur 16.39. Eksempel på bruk av «Avrunda rektangel» på eit utval

Eksempel på bruk av «Avrunda rektangel» på eit utval

Eit bilete med eit utval

Eksempel på bruk av «Avrunda rektangel» på eit utval

Etter bruk av «Avrunda rektangel»


Dette valet, som eigentleg er eit Script-Fu-skript, omformar eit eksisterande utval, anten det er rektangulært, elliptisk eller noe anna, til eit rektangelutval med avrunda hjørne. Hjørna kan bli bøygde innover (konkav) eller utover (konveks). For å få dette til, blir utvalet om nødvendig først omforma til eit rektangel og deretter blir det lagt til eller trekt ifrå sirklar i kvart hjørne.

4.15.1. Aktivering

Du får tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via UtvalAvrunda rektangel

4.15.2. Forklaring til dialogvindauget for «avrunda rektangel»

Figur 16.40. Dialogvindauget for «avrunda rektangel»

Dialogvindauget for «avrunda rektangel»

Radius (%)

Du kan skrive inn radius til det avrunda hjørnet i prosent, anten ved å skrive direkte i tekstboksen eller bruke glidebrytaren. Verdien er i prosent av den som er minst av høgda eller breidda.

Konkav

Aktiver denne boksen dersom du ønskjer konkave, altså innoverbøygde, hjørne. Elles blir hjørna utoverbøygde, dvs. konvekse.