2.5. Senda inn filene

Når filene dine er klare:

Utan GNOME-konto

viss du ikkje har ein GNOME-konto, må du finna en korrespondent som godtar å «pushe» filer for deg. Dette er ikkje vanskeleg viss du sender ei melding til e-postlista. Anten sender du xml-filene og dei vedlagte bileta i ei komprimert fil (i eit tre som gjengjev det til src- og biletmappene viss du sender fleire filer for å gjera oppgåva til korrespondenten din enklare), eller så sender du ein «patch» som du må laga.

Før du opprettar ein «patch», må du få alle xml-filene og bileta dine i indeksen. Når du er i gimp-help-mappa, køyr git status. Viss du har filer i delen uspora filer, køyr git add -A.

Så køyrer du diff --full-index --binary origine > namnet-på-stien for å laga «patch»-en.

Viss du har ein GNOME-konto

Alt er i orden, du veit korleis du skal bruka Git. Det er mange innføringar for dette på nettet.

Ein vanleg arbeidsflyt er:

- make validate-nn

- git status

- git stash

- git pull

- git status

- git stash apply

- Eventuelt, fiks konfliktar

- git add -A

- git status

- git commit -m "melding"

- git push