2.19. Lukk

Menyvalet Lukk lukker det aktive biletvindauget. Kommandoen er ikkje tilgjengeleg dersom det ikkje er noko opna bilete.

Du kan ikkje angra at du har lukka eit bilete. Alt er borte, også angreloggen. Viss biletet ikkje er «reint» ‒ altså et det er endra sidan det sist vart lagra ‒ vert du spurd om å stadfesta at du vil lukka det.

[Notat] Notat

Eit bilete vert berre merkja som reint når det er lagra som ei XCF-fil. Vert biletet eksportert til eit anna filformat, vert eit endra bilete ikkje merkt som reint. Dette fordi dette ikkje tek vare på all informasjonen i biletet.

2.19.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa på hovudmenyen via FilLukk,

  • eller med snarvegen Ctrl+W.

  • I dei fleste operativsystema som GIMP køyrer på, kan du også lukka biletet ved å klikka på ein «lukk»-knapp ein eller annan staden i tittellinja for biletet. Plasseringa av ein slik knapp vert bestemt av operativsystemet (OS) og korleis dette er sett opp. Er ingen bilete opna, vil eit trykk på denne knappen lukka GIMP.