9. Kva er nytt i GIMP 2.10?

GIMP 2.10 er resultatet av seks års arbeid som i opphavet fokuserte på å overføra programmet til ein ny bilethandsamingsmotor, GEGL. Den nye versjonen vert likevel levert med mange fleire nye funksjonar, inkludert nye og forbetra verktøy, betre filformatstøtte, forskjellige brukarvenlege forbetringar, fornya støtte for fargehandsaming, ei mengd forbetringar retta mot digital teikning og fotografi, metadataredigering og mykje, mykje meir .

Oppdatert brukargrensesnitt og innleiande HiDPI-støtte

Ein ting som er direkte merkbart med GIMP 2.10 er det nye, mørke temaet og dei symbolske ikona brukte som standard. Dette er meint å dempa omgjevnadane noko og flytta fokus mot innhaldet.

Det er no fire brukargrensesnittstema tilgjengelege i GIMP: Mørk (standard), Grå, Lys og System . Ikona er no skilde frå temaa og vi opprettheld både farge- og symbolikona, slik at du kan setja opp GIMP til å ha System-tema med fargeikon viss du vil bruka den gamle utsjånaden.

Dessutan er ikona tilgjengelege i fire storleikar no, slik at GIMP vil sjå betre ut på HiDPI-skjermar. GIMP vil gjera sitt beste for å oppdaga kva for storleik som skal brukast, men du kan overstyra det valet manuelt i RedigerInnstillingarGrensesnitt Ikontema.

Medarbeidarar: Benoit Touchette, Klaus Staedtler, Ville Pätsi, Aryeom Han, Jehan Pagès, Alexandre Prokoudine…

GEGL-port, støtte for høg bitdjupn, multi-tråding og meir

Det ultimate målet for v2.10 var å fullføra porten til GEGL bilethandsamingsbibliotek som byrja med v2.6 då vi introduserte valfri bruk av GEGL for fargeverktøy og eit eksperimentelt GEGL-verktøy og heldt fram med v2.8 der vi la til GEGL-basert projeksjon av lag.

No brukar GIMP GEGL for all flisehandsaming og byggjer ein asyklisk graf for kvart prosjekt. Dette er ein føresetnad for å leggja til ikkje-destruktiv redigering planlagt for v3.2.

Det er mange fordelar ved å bruka GEGL, og nokre av dei kan du alt nyta i GIMP 2.10.

Støtte for høg bitdjupn gjer det mogleg å handsama bilete med opptil 32-bits presisjon per fargekanal og opna/eksportera PSD-, TIFF-, PNG-, EXR- og RGBE-filer i sin opphavlege kvalitet. I tillegg kan FITS-bilete opnast med opptil 64-bits presisjon per kanal.

Multi-tråding gjer det mogleg å bruka fleire kjerner for prosessering. Ikkje alle funksjonane i GIMP brukar dette, det er noko vi har tenkt å arbeida vidare med. Eit poeng av interesse er at multi-tråding skjer gjennom GEGL-handsaming, men også i sjølve kjerne-GIMP, for eksempel for å skilja målarstykke frå visingskoden.

GPU-sideprosessering er framleis valfri, men tilgjengeleg for system med stabileOpenCL-drivarar.

Du kan finna alternativ for konfigurasjonar for mange-tråding og maskinvare-akselerasjon i RedigerInnstillingarSystemresursar.

Medarbeidarar: Michael Natterer, Øyvind Kolås, Ell, Jehan Pagès…

Lineær fargeflyt i fargerom

Ein annan fordel med å bruka GEGL er å kunna arbeida med bilete i eit lineært RGB-fargerom i motsetnad til gammakorrigert (perseptuelt) RGB-fargerom.

Dette er kva det kokar ned til:

  • Det er no både lineære og perseptuelle versjonar av dei fleste blandingsmodusar.

  • Det er no ein lineær versjon av kommandoen «Inverter farge».

  • Du kan når som helst fritt veksla mellom desse to via undermenyen BiletePresisjon.

  • Du kan velja kva modus som skal visast i vindauget Histogram.

  • Du kan bruka filtra Nivå og kurver i anten perseptuell eller lineær modus.

  • Når høgare presisjon enn 8 bits per kanal vert brukt, er alle kanaldataa lineære.

  • Du kan velja om verktøyet for fargeovergang skal arbeida i fargemodellen RGB, lineær RGB eller CIE LAB.

Medarbeidarar: Michael Natterer, Øyvind Kolås, Ell…

Fargehandsaminga fornya

Fargehandsaming er no ein kjernefunksjon i GIMP i staden for eit programtillegg. Dette gjorde det spesielt mogleg å introdusera fargestyring på alle tilpassa skjermelementa vi kunne tenkja oss: førehandsvisingar av bilete, førehandsvisingar av fargar og mønster og så vidare.

GIMP brukar no LittleCMS v2, som gjer at det kan brukast ICC v4 fargeprofilar. Det er også delvis avhengig av babl-biblioteket for handsaming av fargetransformasjonar, sidan babl ganske enkelt er opptil 10 gongar raskare enn LCMS2 i dei tilfella vi testa begge. Etter kvart kunne babl erstatta LittleCMS i GIMP.

Medarbeidarar: Michael Natterer, Øyvind Kolås…

Lag og masker

GIMP vert no levert med to grupper av blandemodus: tradisjonell (perseptuell, mest for å gjera at gamle XCF-filer skal sjå nøyaktig slik som før) og standard (som oftast lineær).

Nytt blandemodus er:

  • LCH-lagmodus: Kulør, Kroma, Farge og Lysverdi.

  • Pass-Through-modus for laggrupper.

  • Lineær etterbelysing, Skarpt lys, Lineært lys, Punktlys, Hard miks, Uteluking, Flett og Del.

Lag, banar og kanalar kan også merkast med fargeetikettar for å forbetra prosjektorganiseringa. Dette vil vera enda meir nyttig når vi legg til fleirlagsval seinare.

Alternativ for komposisjonar for lag er no eksponert for brukarane, og alle lagrelaterte innstillingar er endeleg tilgjengelege i dialogvindaugetLagattributt.

Dessuten, viss du alltid treng alfa i laga dine, kan du slå på automatisk generering av alfakanalen i importerte bilete når du opnar dei. Sjå RedigerInnstillingarImporter og eksporterer bilete for denne og fleire retningslinjer.

Laggrupper kan no også ha masker:

Meir bruk av CIE LAB og CIE LCH

Med GIMP 2.10 introduserte vi ei rekkje funksjonar som gjer bruk av CIE LAB og CIE LCH fargerom:

  • Fargedialogvindauge har no ein LCH-fargeveljar du kan bruka i staden for HSV. LCH-veljaren viser også åtvaring om fargen er utanfor gamut.

  • Eit nytt Kulør-kroma-filter i menyen Fargar fungerer omtrent som Kulør-metning, men fungerer i CIE LCH-fargerommet.

  • Verktøya Tryllestaven og Bøttefyll kan no velja fargar etter verdien i CIE L, C og H-kanalane.

  • Både dialogvindauga Fargeplukkar og Prøvepunkt viser no pikselverdiar i CIE LAB og CIE LCH etter kva du vel.

Medarbeidarar: Michael Natterer, Elle Stone, Ell…

Nye og forbetra verktøy

Samordna transformering

Nytt Sameint transformering-verktøy (Shift+L) gjer det enklare å laga fleire transformasjonar, som å skalera, rotera og korrigera perspektiv på ein gong. Utforminga er basert på ein funksjonell spesifikasjon skrive av vår tidlegare UX-ekspert Peter Sikking.

Medarbeidarar: Mikael Magnusson, Michael Natterer…

Forvrenging

Det nye Forvrenging-verktøyet (W) let deg utføra lokaliserte transformasjonar som å auka eller skifta pikslar med ein mjuk pensel og angra støtte. Slike verktøy vert ofte brukte i motefotografering for retusjering.

Slikt sett trekk det nye verktøyet tilbake det gamle Interaktiv deformasjon-filteret som var nyskapande då det kom (og tidlegare datert Photoshops Liquify-filter), men som til slutt var tungvint å bruka . Verktøyet Forvrenging har også ein Viske-modus for selektivt å fjerna endringar, tidlegare utilgjengelege i Interaktiv deformasjon-filteret.

Medarbeidarar: Michael Muré, Michael Natterer, Jonathan Tait…

Handtakstransformering

Det nye Bur-transformering-verktøyet (Shift+L) gjev ei interessant tilnærming til å bruka skalering, rotering og perspektivkorrigering ved hjelp av handtak plassert på lerretet. Folk som er vane med å redigera på berøringsflater, kan finna dette verktøyet merkeleg lett å forstå.

Medarbeidarar: Johannes Matschke, Michael Natterer, Ell…

Blandeverktøyet heiter no fargeovergangsverktøyet og kan redigera på lerretet

Vi endra namnet på verktøyet Bland til Fargeovergang og endra standardsnarvegen til G. Men dette bleiknar i høve til kva verktøyet faktisk kan no, og det er mykje.

Det nye verktøyet utdaterer ganske mykje det gamle dialogvindauget Fargeovergangsredigering. No kan du oppretta og sletta fargestopp, velja og flytta dei, tilordna fargar til fargestopp, endra blanding og farge for segment mellom fargestoppa og laga nye fargestopp frå midtpunkt rett på lerretet.

Alle fargeovergangane som er tilgjengelege som standard kan no også «redigerast». Sett i hermeteikn fordi når du prøver å endra ein fargeovergang frå ei systemmappe, vil GIMP laga ein kopi av han, kalla han ein Custom Gradient og bevara han på tvers av økter. Redigerer du ein annan «system»-fargeovergang, vert denne sjølvsagt den nye tilpassa overgangen.

Målet er å bruka den generiske implementeringa av dette seinare for penslar og andre typar ressursar.

Medarbeidarar: Michael Henning, Michael Natterer, Ell, Øyvind Kolås…

Betre utvalsverktøy

Verktøyet Forgrunnsutval kan endeleg gjera underpikselval i komplekse tilfelle som hårstrå på strukturert bakgrunn. To nye maskeringsmetodar er no tilgjengelege for det.

Verktøya Vel etter farge og Tryllestaven har no begge eit Teiknemaske-alternativ for å visa framtidig utvalsområde med magentafarga fyll, og det sistnemnde verktøyet har no også eit Diagonale linjer-alternativ for å velja diagonale nabopikslar.

For verktøyetFrihandsutval vert utvalet ikkje bekrefta automatisk når du lukkar eit polygonalt- eller frihandsutval. I staden kan du halda fram med å justera posisjoner til noder (der det er aktuelt) og deretter trykkja Enter, dobbeltklikka inne i utvalet eller byta til eit anna verktøy for å bekrefta valet.

Verktøyet Intelligent saks let deg fjerna det siste segmentet med Rette-tasten. GIMP kontrollerar no om det første og det siste segmentet er distinkte før kurven vert lukka.

Medarbeidarar: Michael Natterer, Jan Rüegg, Daniel Sabo, Ell…

Fargeverktøy

Alle fargeverktøy er endra til å verta GEGL-baserte filter, slik at dei kan brukast riktig seinare når vi introduserer ikkje-destruktiv redigering. Difor er undermenyen Farge i menyen Verktøy fjerna og desse filtra er no stort sett utilgjengelege i verktøykassen.

Medarbeidarar: Michael Natterer…

Tekstverktøyet har no støtte for CJK og andre skrivesystem

Tekst-verktøyet støttar no fullt ut avanserte inndatametodar for CJK og andre ikkje-vestlege språk. Den førehandsredigerte teksten vert no vist nett slik du ventar, avhengig av plattformen og inndatametodemotoren (IME). Fleire inndatametoderelaterte feil og krasj er også fiksa.

Medarbeidarar: Jehan Pagès…

Eksperimentelle verktøy

To nye verktøy var for ufullstendige til å inkluderast i GIMP 2.10 som standard, men kan likevel brukast. Ver merksam på at dei er svært eksperimentelle og truleg vil øydeleggja for deg (at GIMP krasjar). Vi nemner dei berre, fordi vi treng bidragsytarar for å få dei i brukbar tilstand.

Verktøyet N-punktsdeformering introduserer ein type jamn (så lite stiv som råd er) vriding slik du ventar at fysiske objekt har.

Verktøyet Saumlaus kloning har som mål å gjera det enklare å laga lagdelte komposisjonar. Til vanleg når du limar inn eit bilete i eit anna, er det alle slags ting som ikkje stemmer: fargetemperatur, lysstyrke osv. Dette nye eksperimentelle verktøyet prøver å tilpassa ulike eigenskapar til et innlimt bilde med omsyn til bakgrunnen.

For å slå på desse verktøya, må du først aktivera Leikeplass-sida i dialogvindauget Innstillingar. Dette gjer du ved å køyra GIMP med ein --show-playground-brytar (for Windows må du kanskje justera banen til GIMP i snarvegeigenskapane tilsvarande). Deretter må du gå til RedigerInnstillingarLeikeplass og slå på dei respektive alternativa slik at verktøya vert viste i verktøykassen.

Vi må igjen understreka at du berre bør gjera det anten viss du er veldig nysgjerrig, eller (som vi håpar på) har tenkt å hjelpa oss med å fiksa dei.

Bidragsytarar: Marek Dvoroznak, Barak Itkin, Jehan Pagès, Michael Natterer…

Forbetringar i digital teikning

GIMP 2.10 vert levert med mange forbetringar etterspurde av digitale teiknarar. Eit av de mest interessante nye tillegga her er MyPaint Brush-verktøyet (Y) som først dukka opp i GIMP-Painter-gaffelen.

Verktøyet Gni ut fekk oppdateringar spesifikt målretta i brukstilfella for teikning. Det nye valet Ingen sletteeffekt hindrar verktøya i å endra alfa på pikslar. Og forgrunnsfargen kan no blandast inn i utgnidde pikslar, kontrollert av ein ny Flyt-glidebrytar, der 0 betyr inga blanding.

Alle teikneverktøya har no dei eksplisitte glidebrytarane Hardleik og Tving bortsett frå MyPaint Brush-verktøyet som berre har glidebrytaren Hardleik.

Viktigast: GIMP har no støtte for rotering og spegelvending av lerretet for å gjera det enklare å kontrollera proporsjonar og perspektiv.

Det nye Pensel låst til visinga gjev deg eit val om du vil ha ein pensel låst til eit visst førstørringsnivå og ein viss rotasjonsvinkel på lerretet. Alternativet er tilgjengeleg for alle teikneverktøya som brukar ein pensel bortsett frå MyPaint Brush-verktøyet.

Nytt Symmetriteikning-dialogvindauge, slått på på per-bilde-basis, gjer det mogleg å bruka alle teikneverktøya med ulike symmetriar (spegel, mandala, flislegging…).

Denne nye versjonen av GIMP vert levert med fleire nye penslar tilgjengelege som standard.

Medarbeidarar: Michael Natterer, Alexia Death, Daniel Sabo, shark0r, Jehan Pagès, Ell, Jose Americo Gobbo, Aryeom Han…

Forbetringar i handsaming av digitale foto

Nokre av dei nye GEGL-baserte filtra er spesielt for fotografar: Eksponering, Skuggar-høglys, High-pass, Wavelet nedbryting, Panoramaprojeksjon og andre vil verta eit viktig tilskot til verktøylinja di.

I tillegg gjer det nye filteret Ekstraher komponent det enklare å trekkja ut ein kanal av ein vilkårleg fargemodell (LAB, LCH, CMYK osv.) frå det valde laget. Viss du er van til å dekomponera og rekomponera bilete berre for dette, vert arbeidet ditt enklare no.

Vidare kan du no bruka anten darktable eller RawTherapee som programtillegg i GIMP for å opna digitale foto. Ein kvar nyare versjon av programtillegga vil gjera dette.

Eit nytt Klippåtvaring visningsfilter vil visualisera undereksponerte og overeksponerte område av eit bilete, med fargar som kan tilpassast. Førebels er det mest retta mot bilete der fargane vert lagra med flytande punktpresisjon. Du vil stort sett ha nytte av dette viss du arbeider med 16/32 bits per kanal desimalbilete som EXR og TIFF.

Medarbeidarar: Michael Natterer, Ell, Thomas Manni, Tobias Ellinghaus, Øyvind Kolås, Jehan Pagès, Alberto Griggio…

Effektar

GIMP vert no levert med over 80 GEGL-baserte filter. Mange av desse er tidlegare GIMP-effektar. Her er kvifor GEGL-baserte implementasjonar er betre:

  • Du kan bruka dei i bilete med 32-bits per farge kanalpresisjonsmodus.

  • Du kan førehandsvisa dei rett på lerretet og viss eit bilete er større enn visingmediet, vil GIMP visa visingsmediet først for direkte tilbakemelding.

  • Du kan bruka delt førehandsvising for å samanlikna originalbiletet med den handsama versjonen og byta før-/etter-sider både vassrett og loddrett.

  • I ein framtidig ikkje-destruktiv versjon av GIMP vil du kunna justera innstillingane for desse filtra utan å angra massevis av steg.

Nokre av dei GEGL-baserte filtra har OpenCL-versjon for maskinvareakselerasjon. Dette vil vera nyttig viss OpenCL-drivarane fungerer bra for deg. Dessutan kan mange operasjonar vera fleirtråda for å bruka all krafta i prosessoren.

Medarbeidarar: Michael Natterer, Øyvind Kolås, Thomas Manni…

Meir brukarvenleg

Medan vi arbeidde med aktive brukarar, vart vi kvitt ein del problem med bruken av GIMP sitt grensesnitt. Her er nokre av desse endringane:

  • Alle transformasjonsverktøya slår no automatisk av visinga av originallag slik at du tydeleg kan sjå justeringar mot bakgrunnen.

  • Du kan no enkelt laga masker med dei sist brukte verdiane ved å trykkja på Shift og klikka på førehandsvisinga til respektive lag.

  • Alle dialogvindauga unnateke dei som liknar på Skaler hugsar no siste verdiane du brukte på tvers av økter.

  • Alle GEGL-baserte filter gjer det mogleg å lagra namngjevne førehandsinnstillingar og automatisk lage tidsstempla førehandsinnstillingar sist dei vart brukte.

  • Du kan no velja fyllfarge eller mønster for tomme områder etter å ha endra storleiken på lerretet.

Det er mykje å forbetra for å gjera GIMP betre eigna for profesjonell arbeidsgang. Som vanleg ønskjer vi konstruktive diskusjonar velkommen og oppretta nyleg ei e-postliste for å diskutera emnet for å gjera GIMP meir brukarvenleg. Dette er ein langsiktig forbetringsprosess, som kan ta meir tid enn lokaliserte endringar og funksjonar.

Medarbeidarar: Michael Natterer, Daniel Sabo, Benoit Touchette, Massimo Valentini, Jehan Pagès…

Filformatstøtte

GIMP er no i stand til å lesa og skriva TIFF-, PNG-, PSD- og FITS-filer med opptil 32-bits presisjon per kanal der det er aktuelt.

PSD-programtillegget støttar i tillegg blandingsmodia pass-through, hard mix, punktlys, skarpt lys og lineære lys.

GIMP vert no levert med innebygd WebP-støtte, inkludert funksjonar som animasjon, ICC-profilar og metadata. Både import og eksport vert støtta.

JPEG 2000-programtillegget vart skriv om for å bruka OpenJPEG-biblioteket i staden for det noko utdaterte Jasper-biblioteket.

Til slutt, PDF-programtillegget støttar no import av passordverna filer (du må vita passordet) og eksport av fleirsidige PDF-dokument (kvart lag vil vera ei side).

Medarbeidarar: Michael Natterer, Mukund Sivamaran, Ell, Jehan Pagès, Lionel N, Darshan Kadu…

Vising, redigering og presentering av metadata

GIMP vert no levert med programtillegg for å visa og redigera Exif, XMP, IPTC, GPS og DICOM metadata. Dei er tilgjengelege frå undermenyen BileteMetadata.

GIMP vil også bevara eksisterande metadata i TIFF-, PNG-, JPEG- og WebP-filer. Kvart programtillegg har alternativ ved eksport for å slå av eller på eksport av metadata.

I tillegg kan brukarane no setja standardinnstillingar for å bevara eller ikkje bevara metadata i alle aktuelle filformat brukte i programtillegg samstundes, avhengig av om dei vil ha fullstendig personvern eller i staden ta mykje «mikrostock»-fotografering. Innstillingane er tilgjengelege på Bilete-import og -eksport-sida i Innstillingar.

Bidragsytarar: Benoit Touchette, Michael Natterer, Jehan Pagès…

Interaksjon på lerretet

GIMP 2.10 vert levert med ein ny funksjon som let nokre GEGL-baserte filter gjengi kontrollelement på lerretet. Førebels gjeld dette berre tre filter: Spiral, Supernova og Panoramaprojeksjon. Men det kjem fleire i framtida.

Bidragsytarar: Michael Natterer, Ell...

Forenkla feilrapportering og krasjgjenoppretting

Vi treng gode feilrapportar for å gjera GIMP betre for deg, så vi introduserte ein ny funksjon for å sjå og fanga opp kritiske feil og krasj og deretter generere ein nyttig feillogg som du kan kopiera/lima inn i ein feilrapport.

I utviklingsversjonar vert dialogvindauget vist for alle slags feil (sjølv mindre). På stabile versjonar kjem det fram berre ved krasj. Standardoppførsla kan tilpassast i RedigerInnstillingarFeilsøking.

Ver merksam på at vi framleis treng at du oppgjev samanhengen, for eksempel kva du gjorde då programmet krasja. Ei steg-for-steg-forklaring av korleis det er mogleg å reprodusera feilen vil vera svært nyttig.

I tillegg, i tilfelle eit krasj, vil GIMP no prøva å laga reservekopi av alle bileta som inneheld endringar som ikkje er lagra og deretter føreslå å opna dei på nytt neste gong du opnar GIMP.

Vi kan ikkje garantera at dette verkar alltid, men det vil lukkast nokre gongar, og dette kan redde arbeidet du ikkje har lagra!

Medarbeidarar: Jehan Pagès…

API-endringar

I løpet av denne utviklingssyklusen avvikla vi mykje API, og gav eit kompatibilitetslag for tredjepartsutviklarar som skriv skript og programtillegg.

For den fullstendige lista over endringar i PDB, sjå se wikien. Denne ChangeLog-sida har også ei detaljert liste over alle andre endringar i 2.10.

Vegkart og kva no

Vi held ved like eit vegkart for GIMP-utvikling som skisserer rekkjefølgja på funksjonar som skal implementerast basert på prioriteringar.

Den neste store oppdateringa vil vera v3.0 som vil innehalda GTK+3-port og mange interne endringar. For brukarane vil dette stort sett bety: oppdatert brukargrensesnitt, betre støtte for grafiske nettbrett, betre støtte for HiDPI-skjermar, betre støtte for Wayland på Linux.

Vi opnar også 2.10.x-serien for nye funksjonar. Dette betyr at du ikkje treng å venta på spanande forbetringar i årevis lenger: alle nye funksjonar kan faktisk førast tilbake til ei 2.10.x-utgjeving så lenge koden ikkje er for omfattande og gjer vedlikehaldet vanskeleg.

Alle dei nye funksjonane frå 2.10.x vil også vera ein del av 3.0.