5.5. Eksportera filformat

Når du eksporterer eit bilete, har dei fleste filformata nokre innstillingar i tillegg som kan setjast. Viss dette er tilfelle, vert det opna eit nytt dialogvindauge etter at du har vald filnamnet og eksportformatet. I denne bolken vil vi dokumentera alle eksportformata.

5.5.1. Eksportera bilete som GIF

Figur 15.76. Dialogvindauget for GIF-eksport

Dialogvindauget for GIF-eksport

[Åtvaring] Åtvaring

Legg merke til at GIF-formatet ikkje kan lagra ein del grunnleggande biletopplysingar som t.d. utskriftoppløysinga. Dersom dette er viktig, bør du kanskje vurdere å bruke eit anna format som t.d. PNG.

GIF-innstillingar
Linjevis

«Linjevis» betyr at biletet vert vist etter kvart som det vert lasta ned. Dette var spesielt viktig den tida dei fleste internettsamband var saktegåande. Brukaren kunne då stoppe nedlastinga dersom biletet såg uinteressant ut. Funksjonen er mindre viktig i dag.

Lagra merknad

GIF-kommentarane kan berre vere 7-bits ASCII. Bruker du andre teikn vil GIMP eksportere biletet utan kommentarane og deretter gi ei melding om at kommentarane ikkje vart lagra.

Innstillingar for animert GIF
Som animasjon

Når dette valet er merkt, vert biletet eksportert som ein animasjon. Dette valet er fråkopla (og valet er ikkje synleg) viss biletet har berre eitt lag.

Talet på repetisjonar

Du kan bestemma kor mange gonger animasjonen skal visast før visinga stoppar. Verdien her gjeld ikkje viss det er merkt av for Evig sløyfe.

Uendeleg sløyfe

Gjer at animasjonen vert repetert heilt til du stoppar han.

Pause mellom rammene når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemma kor mange millisekund pausen mellom kvar ramme skal vera. Du endra dette i dialogvindauget for lag. Legg merke til at nokre operativsystem kan overstyra lengda på grunn av klokkefrekvensen brukt i systemet eller andre tekniske avgrensingar.

Rammeovergang når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemma korleis rammene skal leggjast over kvarandre. Du har valet mellom:

  • Det er meg likegyldig: Dette valet kan berre brukast når alle biletlaga er ugjennomsiktige. Laget vil overskrive det som ligg under.

  • Kumulative lag (Kombinere) : Tidlegare viste rammer vert ikkje sletta når ei ny ramme vert vist.

  • Ei ramme per lag (erstatt): Tidlegare viste rammer vert sletta før den nye ramma vert vist.

Bruk forseinkinga ovanfor for alle rammene

Verdien i Pause mellom rammene når uspesifisert vert brukt for alle rammene.

Bruk disposisjonen ovanfor for alle rammene

Verdien i Rammeovergang når uspesifisert vert brukt for alle rammene.

5.5.2. Eksportera bilete som HEIF/HEIC

HEIF står for «High Efficiency Image File Format». Også kjent som HEIC «High Efficiency Image Coding».

Det kan lagrast dobbelt så mykje informasjon i eit HEIF-bilete som i eit JPEG-bilete. Per september 2022 var det ingen nettlesarar som kunne lesa HEIF-formatet.

Meir indormasjon i Wikipedia.

Figur 15.77. Dialogvindauget for HEIF/HEIC-eksport

Dialogvindauget for HEIF/HEIC-eksport

Innstillingar for HEIF
Tapsfri

Når denne er merkt av, vert biletet eksportert med tapsfri kompresjon. Dett gjev høgare kvalitet, men fila vert større.

Kvalitet

Viss det ikkje er merkt av for Tapsfri, bestemmer denne verdien kvaliteten på komprimeringa. 100 er den beste kvaliteten med lågast komprimering, medan 0 er den høgaste kompresjonen med dårlegast kvalitet.

Pikselformat

Definerer kva pikselformat det eksporterte biletet skal bruka for fargemellomsteg. Det er tre alternativ:

  • YUV420: Høver for fotografi med tapskomprimering. Dette formatet er mest kompatibelt med andre program som brukar HEIF.

  • YUV444: Når brukt med ein høg Kvalitet, vert biletet eksportert som eit visuelt tapsfritt bilete.

  • RGB: Nyttig for å eksportera bilete tapsfritt.

Bitdjupn

Bestemmer om biletet skal lagrast med 8 bits, 10 bits eller 12 bits per fargekanal.

Lagra fargeprofilen

Viss merkt, vert fargeprofilen innebygd i det eksporterte biletet.

Lagra Exif

Viss merkt, vert Exif metadata innebygd i det eksporterte biletet.

Lagra XMP

Viss merkt, vert XMP metadata innebygd i det eksporterte biletet.

5.5.3. Eksporter biletet som JPEG

JPEG-filene har til vanleg endingane .jpg, .JPG eller .jpeg, og er mykje brukt fordi metoden som vert nytta for å komprimera filene gir eit svært godt resultat utan at det går særleg merkbart ut over kvaliteten. Ingen andre format kjem opp mot JPEG på dette området. Ulempen er at formatet ikkje støttar gjennomsikt, og heller ikkje samansette lag.

Figur 15.78. Dialogvindauget for JPRG-eksport

Dialogvindauget for JPRG-eksport

Algoritmen for JPEG er eigentleg nokså kompleks, men heldigvis treng du ikkje bry deg om anna enn å justera kvaliteten, og dermed kompresjonen. Resten er for JPEG-ekspertane.

Kvalitet

Når du eksporterer eit bilete i JPEG-format, dukkar det opp eit dialogvindauge der du kan setja kvalitetsnivået på ein skala frå 1 til 100. Mellom 95 og 100 er det liten skilnad i kvaliteten. Normalverdien er 90, men ofte kan du setja verdien mykje lågare utan å gjera kvaliteten merkbart dårlegare. Dette kan du kontrollera ved å markera for Førehandsvising i biletvindauget. Du endrar ikkje noko på sjølve biletet før du lagrar det, så metoden er trygg.

[Notat] Notat

Verdiskalaen for kvalitet er ikkje standardisert. Talet for kvalitet samsvarar ikkje alltid med tilsvarande tal i andre samanhengar. Kvalitet 80 i GIMP treng såleis ikkje vere det same som kvalitet 80 i eit anna program.

Bruk kvalitetsinnstillingane frå originalbiletet

Dersom det er lagt inn eigne kvalitetsinnstillingar (eller «kvantiseringstabell» ) i originalbiletet, kan du bruke denne i staden for standardinnstillingane.

Har du berre gjort nokre få endringar i biletet, vil du som oftast få nokså nær same kvalitet og fillengde når du bruker innstillingane frå biletet. Dette vil redusera tapa som kjem som følgje av kvantiseringa i høve til om du bruker andre innstillingar.

Dersom kvalitetsinnstillingane i originalbiletet er dårlegare enn standardinnstillingane, vil kommandoen « Bruk kvalitetsinnstillingane frå originalbiletet » vere tilgjengeleg men uverksam. Dette for å sikra at du alltid får ein kvalitet som er minst like god som originalen.

Førehandsvis i biletvindauget

Dersom denne er aktivert, vert biletet vist med same kvalitet som det lagra biletet vil ha. Dermed kan du lett sjå kor mykje biletet kan komprimerast med tilfredsstillande kvalitet. Biletet du arbeider med vert ikkje påverka av dette. Så snart dialogvindauget er lukka, vert biletet igjen vist i den opphavlege kvaliteten.

Behald metadataa

Viss biletet du lasta inn har Exif, XMP eller IPTC metadata, vert dei uendra og du kan velja å behalda dei eller ikkje når du eksporterer til JPEG.

Lagra miniatyr, Lagra fargeprofil

Mange program nyttar ein liten miniatyr som ei rask førehandsvising av bileta.

Kommentar

Du kan redigera merknaden som følgde med biletet eller du kan skriva ein ny.

Avanserte innstillingar

Litt om dei avanserte innstillingane:

Optimaliser

Denne metoden gjer at det vert brukt optimaliserte parameter for mengdekoding («entropy encoding»). Dette vil som oftast resultere i ei mindre fil, men kan ta lang tid.

Utjamning

JPG-komprimeringa lager ein del støy i biletet i form av hakkete kantar. Ved hjelp av glidebrytaren kan du bestemmar kor mykje støyen skal jamnast ut. Støyredusksjonen kan gjere biletet uskarpt.

Bruk aritmetisk koding

Aritmetisk koding er ei form for entropi-koding (eit tapsfritt datakomprimeringsskjema) som kan brukast ved eksport som JPEG. Bilete som brukar aritmetisk koding kan vera 5 - 10 % mindre. Men eldre programvare kan ha problem med å opna desse bileta.

Bruk omstartmarkeringar

Denne vil legge inn nokre merke i fila slik at dersom lastinga av fila vert avbroten, kan nedlastinga halde fram seinare frå siste nedlasta merke. Kan vere fornuftig ved store bilete.

Intervall (MCU-rader)

JPEG-bilete vert lagra som ein serie av komprimerte kvadratiske fliser med namnet MCU (Minimum Coding Unit). Du kan setja storleiken (i pikslar) for desse flisene.

Progressiv

Dersom du aktiverer denne, vert biletet ikkje komprimert ovanfrå og ned, men i fleire gjennomgangar. Når biletet vert vist, vil det dukke opp i fleire omgangar, litt betre for kvar gong. Føremålet er det same som for linjevising av GIF-bilete. Metoden kan resultere i litt større filer.

[Notat] Notat

Ver merksam på at enkelte eldre TV og fotorammer (og kanskje andre einingar) kanskje ikkje kan visa jpeg-bilete som er eksporterte med den progressive innstilling slått på (som er standard).

Mellomsteg

Auget vårt opfattar ikkje fargane likt gjennom heile fargespekteret. Komprimeringa kan bruka dette for å handsama fargar som auget oppfattar som nærliggande som identiske fargar. Du har tre alternativ:

  • 1×1, 1×1, 1×1 (best kvalitet): Ofte referert til som (4:4:4). Gir best kvalitet, bevarer kant- og kontrastfargar, men med mindre kompressjon.

  • 2×1,1×1,1×1 (4:2:2): Dette er standardmellomsteget. Gir som oftast eit godt forhold mellom biletkvalitet og filstorleik. I nokre tilfelle kan biletkvaliteten vert merkbar forbetra dersom ein ikkje bruker mellomsteg (4:4:4). Dette gjeld helst for bilete med fine detaljar, som f. eks. tekst på einsfarga bakgrunn eller nesten einsfarga bilete.

  • 1×2,1×1,1×1: Dette er det same som (2×1,1×1,1×1), men med horisontal fargefletting i staden for vertikal. Som om nokon skulle ha rotert biletet.

  • 2×2, 1×1, 1×1 (minste fil): (Ofte referert til som 4:1:1). Beste kompresjon. Passer for bilete med veike kantar, men tenderer til å gje unaturlege fargar.

DCT-metoden

DCT står for «Discrete Cosine Transform», og er første steget i JPEG-algoritmen. Dette er rein matematikk, og vala du har er «desimaltal», «heiltal» (normalinnstillinga) og «raske heiltal».

  • Desimaltal: Desimaltala er litt betre enn heiltala, men er merkbart seinare dersom maskinen din ikkje er utstyrt meg ein god matematikkprosessor. Metoden kan også gi eit litt varierande resultat frå maskin til maskin, medan metodane med heiltal skal gi same resultatet uavhengig av maskintype.

  • Heiltal: (normalinnstillinga) er raskare enn «desimaltal», men er ikkje så nøyaktig.

  • fast heiltal: Denne metoden er mykje meir unøyaktig enn dei andre to.

5.5.4. Eksporter biletet som PNG

Figur 15.79. Dialogvindauget «Eksporter biletet som PPNG»

Dialogvindauget «Eksporter biletet som PPNG»

Intervall

«Linjevis» betyr at biletet vert vist etter kvart som det vert lasta ned. Dette var spesielt viktig den tida dei fleste internettsamband var saktegåande. Brukaren kunne då stoppe nedlastinga dersom biletet såg uinteressant ut. Funksjonen er mindre viktig i dag.

Lagra bakgrunnsfarge

Dersom biletet ditt har mange nivå av gjennomsikt, vil nettlesarane som berre brukar to nivå av gjennomsikt bruka bakgrunnsfargen frå verktøykassa som bakgrunn.

Lagra gamma

Gammakorreksjonen er for å kunne justera visinga av fargeverdiar på ulike datamaskiner. Gammainformasjonen som vert lagra i PNG vil vere den same som du har sett for den gjeldande visinga. Når biletet vert brukt på andre maskiner, kan brukaren korrigere gammaverdien slik at biletet ikkje vert vist for mørkt eller for lyst.

Lagra lagforskyvinga

PNG bruker ein forskyvingsverdi kalla «oFFs chunk». Dette er data for biletpossisjonen. Diverre verkar av ein eller annan grunn ikkje dette i GIMP. For å unngå problem, aktiverer du ikkje forskyving, men la GIMP flate ut biletet før du lagrar det.

Lagra oppløysinga

Lagra biletoppløysinga i ppi («pixels per inch»).

Lagra tid for oppretting

Datoen fila vart lagra.

Lagra merknad

Du kan lesa denne merknaden i Bileteigenskapar.

Lagra fargeverdiar frå gjennomsiktige pikslar

Når de er kryssa av for dette valet, vert fargeverdiane lagra sjølv om pikslane er heilt gjennomsiktige. Dette er mogleg berre for eit enkelt lag. ikkje når biletet er fletta saman. Når eit bilete med fleire lag vert eksportert til eit filformat med eitt lag, finst det ingen måte GIMP kan ta vare på fargeverdiane i gjennomsiktige pikslar.

Pikselformat

Som standard vert PNG-bilete eksporterte i eit pikselformat som liknar innstillingane for biletet i GIMP. Dette er til vanleg det du ønskjer, men skulle du trenga eit spesifikt utdataformat kan du endra dette her til 8 eller 16 bits per kanal RGB eller gråtoner, med eller utan alfakanal.

Kompresjon

Sidan kompressjonen er tapsfri, er den einaste grunnen til å bruke eit nivå lågare enn 9 at komprimeringa kan ta litt lang tid på trege datamaskiner. Dekomprimeringa går like fort uansett kva kompressjonsnivå du vel.

Behald metadataa

Viss biletet du lasta har Exif, XMP eller IPTC metadata, vert dei tekne vare på og du kan velja å behalda dei eller ikkje når du eksporterer til PNG.

Lagra standardverdiane

Klikk for å lagra gjeldande innstillingar. Du kan då klikka på Hent standardverdiane for å lasta dei inn igjen.

[Notat] Notat

Sidan PNG også kan lagra indekserte bilete, kan du redusere talet på fargar, og dermed også filstorleiken, for bilete som skal sendast over nettverk. Sjå meir om dette i Del 6.6, «Indeksert modus».

Datamaskinene arbeider med 8-bits blokker, såkalla «byte». Kvar byte kan innehalde opp til 256 ulike fargar. Det er ingen vits i å redusere talet på fargar til under 256 i håp om å redusera filstorleiken sidan det vert brukt ein byte uansett. «PNG8»-formatet har heller ikkje støtte for variabel gjennomsikt, berre gjennomsikt eller ikkje gjennomsikt.

5.5.5. Eksporter biletet som TIFF

Figur 15.80. Dialogvindauget for TIFF-eksport

Dialogvindauget for TIFF-eksport

Komprimering

I denne innstillinga kan du setja algoritmen for komprimeringa av biletet.

  • Ingen: Rask, utan tap, men fila kan verta svært stor.

  • LZW: LZW er forkorting for algoritmen «Lempel-Ziv-Welch» som komprimerer biletet utan tap. Dette er ein gammal metode, men effektiv og rask. Meir informasjon (engelsk) på [WKPD-LZW].

  • Pack Bits: Ein rask, enkel kompresjon for «run-length» koding av data. PackBits-formatet vart introdusert av Apple då MacPaint vart teke i bruk på Macintosh datamaskinen. Ein PackBits datastraum er sett saman av pakker med 1 bytes header etterfølgd av data. (Kjelde: [WKPD-PACKBITS])

  • Deflate: Dette er ein algoritme for tapsfri komprimering. Metoden er ei blanding av «Lempel-Ziv-Storer-Szymanski-Algorithmen» (LZ77) og «Huffman-Koding». Den same metoden vert også brukt i filformata Zip, Gzip og PNG. Kjelde: [WKPD-DEFLATE].

  • JPEG: er ei svært god, men ikkje tapsfri, komprimeringsalgoritme. Dette er same komprimeringa som vert brukt i JPEG-bilete. Sidan det ikkje er tapsfritt, bør du ikkje bruka det på bilete der kvaliteten er viktig. Denne komprimeringa kan ikkje brukast på indekserte bilete.

  • CCITT Group 3 faxog CCITT Group 4 fax: Dette er komprimeringsmetodar brukte for telefaks i svart/kvitt.

    [Notat] Notat

    Desse to komprimeringsmetodane kan berre brukast dersom biletet er indeksert med to fargar. Bruk menyvalet BileteModusIndeksert for å omforma biletet til indeksert med «Bruk svart og kvit (1-bit) palett».

Lagra laga

Sidan GIMP-2.10.12 kan du lagra lag når du eksporterer til TIFF. Kvart lag vert ei eiga side i TIFF-biletet.

Klipp laga

Når det er merkt av for Lagra lag, vil dette alternativet, som er slått på som standard, endra storleiken på alle laga til storleiken på biletet. TIFF-bilete kan ikkje ha negative forskyvingar. Dette alternativet let deg importera TIFF på nytt utan å måtta endra posisjonen til lag som hadde ein annan storleik i originalen.

Lagra fargeverdiar frå gjennomsiktige pikslar

Gjer at fargeverdiane for pikslane vert lagra, sjølv om pikslane er komplett gjennomsiktige.

Metadata (rediger)

Du kan trykkja på lenkja «(rediger)» for å opna eit vindauge der du kan endra eller leggja til kva metadata som helst som skal leggjast til i biletet. Merk: Du må likevel slå på dei relevante innstillingane for å lagra metadata lista opp nedanfor.

Lagra EXIF-data

Når dette alternativet er slått på, vert alle Exif metadata lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra IPTC-data

Når dette alternativet er slått på, vert alle IPTC metadata lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra XMP-data

Når dette alternativet er slått på, vert alle XMP metadata lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra fargeprofilen

Gjer at fargeprofilen vert lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra miniatyren

Når dette alternativet er slått på, vert det lagra ein miniatyr som den andre sida i det eksporterte TIFF-biletet. Dette gjer at fleire Exif-taggar vert lagra sjølv om du har slått av å lagra Exif metadata.

Lagra Geo TIFF-data

Når dette alternativet er slått på, vert GeoTIFF metadata som finst i originalen lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra merknad

Her kan du slå på å lagra ein merknad som er sett inn i biletet. Merknaden kan skrivast inn i teksboksen nedanfor dette valet.

5.5.6. Eksporter biletet som WebP

Figur 15.81. Dialogvindauget for WebP-eksport

Dialogvindauget for WebP-eksport

Kjeldetype

Dette vel typen bilete du prøver å eksportera. Vonleg vil dette hjelpe deg med å bestemma den beste måten å komprimera biletet på.

Vala er: Standard, Bilete for digitale bilete som portrett og innandørs «skot», Foto for utandørs foto med naturleg lys, Teikning for hand- eller linjeteikning med høg kontrast i detaljar, Ikon for små fargerike bilete og Tekst for bilete med mest tekst.

Tapsfri

Når denne er merkt, vert biletet lagra slik at den opphavlege kvaliteten vert brukt. Dette slår av innstillingane for Biletkvalitet og Alfakvalitet. Når denne er slått av, vert biletet lagra basert på kvalitetsinnstillingane nedanfor, noko som kan gje tap av kvalitet, men eit betre komprimeringsforhold. Dette er standard.

Biletkvalitet, alfakvalitet

Desse innstillingane bestemmer kvaliteten på lagringa av biletet. Ein høg kvalitet betyr større fil. Når storleiken på fila er viktig, kan du kontrollera om ein lågare kvalitet likevel er god nok for biletet ditt.

Bruk skarp YUV

Når denne er merkt av, vert det brukt ein skarpare og meir nøyaktig metode for å konvertera frå RGB til YUV ved eksport. Dette kan konservera fine detaljar som tynne linjer betre i det ferdige biletet. Denne innstillinga kan auka tida brukt på eksporteringa og er berre tilgjengeleg viss Tapsfri er slått av.

Lagra EXIF-data

Når dette valet er slått på, vert alle Exif metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra IPTC-data

Når dette valet er slått på, vert alle IPTC metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra XMP-data

Når dette valet er slått på, vert alle XMP metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra fargeprofilen

Gjer at fargeprofilen vert lagra i det eksporterte biletet.

Lagra miniatyren

Når dette valet er slått på, vert det lagra ein miniatyr saman med det eksporterte biletet.

5.5.7. Eksporter biletet som MNG

Figur 15.82. Dialogvindauge for MNG-eksport

Dialogvindauge for MNG-eksport

MNG er eit akronym for «Multiple-Image Network Graphics».

Ingen vanlege nettlesarar kan lesa MNG-animasjonar. Sjå om dette i http://en.wikipedia.org/wiki/Multiple-image_Network_Graphics.