Kapittel 11. Fargestyring med GIMP

Innhald

1. Fargestyring i GIMP
1.1. Problem med ein arbeidsgang utan fargestyring
1.2. Innføring i fargestyring

1. Fargestyring i GIMP

Det meste av utstyret som vert brukt i bilethandtering, så som digitalkamera, skanner, biletskjerm, skrivar osv, har sine eigne system for å handtere fargane. Dersom du ikkje tar omsyn til dette når du overfører biletet frå det eine utstyret til det andre, kan dette føre til synlege fargeforandringar i biletet. I GIMP kan du tilpassa fargane for bilete som skal visast på Internett og som skal skrivast ut. Det er dette som er fargestyring.

Figur 11.1. Arbeidsgangen for fargestyringa

Arbeidsgangen for fargestyringa

Arbeidsgangen utan fargestyring

Arbeidsgangen for fargestyringa

Arbeidsgangen med fargestyring


1.1. Problem med ein arbeidsgang utan fargestyring

Hovudproblemet med biletbearbeiding utan fargestyring er at du rett og slett ikkje ser kva du gjer. Dette kan påverka to ulike område:

  1. Det kan vera fargeskilnader fordi utstyret, dvs. kamera, skanner osv. brukar ulike måtar for å handsama fargane. Dei har ulik fargekarakteristikk

  2. Det er fargeskilnadar på grunn av avgrensingar i fargemodellen utstyret brukar

Hovudføremålet med fargestyringa er å unngå slike problem. Dette vert gjort ved å legge til ei beskriving av fargekarakteristikken for eit bilete eller eit utsyr.

Denne beskrivinga vert kalla fargeprofilen for utstyret eller biletet. Ein fargeprofil er i utgangspunktet ein tabell som vert brukt for å overføre den spesifikke fargekarakteristikken for eit bestemt utstyr til ein utstyrsuavhengig fargemodell, også kalla ein «arbeidsmodell». All biletbehandlinga vert gjort på denne arbeidsmodellen. I tillegg kan fargeprofilen også verta brukt til å simulere korleis fargane vert sjåande ut på det bestemte utstyret.

Som oftast er fargeprofilen for eit bestemt utsyr lagt inn i utstyret av produsenten. For å gjere fargeprofilane plattformuavhengige har ICC (International Color Consortium) utarbeidd ein standard (ISO-Norm 15076) for lagring og bruk av fargeprofilar. Som oftast kalla ICC-profilen.

1.2. Innføring i fargestyring

[Tips] Tips

Dei fleste parametra og profilane som vert omtalte her, kan setjast i brukarinnstillingane for GIMP. Sjå Del 6.4, «Fargestyring».

1.2.1. Inndata

Som oftast bruker digitalkameraet dei innebygde fargeprofilane utan innverknad frå brukaren. Digital skanning fører som oftast til at det ferdige biletet inneheld den fargeprofilen skannaren er sett opp med.

Figur 11.2. Bruk av ICC-profilen

Bruk av ICC-profilen

Når du opnar eit bilete med innebygd fargeprofil, vil GIMP tilby å konvertere fila til RGB fargemodell. Normalt vil dette vere fargemodellen sRGB, som det til vanleg er best å bruke som arbeidsmodell. Skulle du likevel ønskje å behalde den innebygde fargeprofilen, vert biletet likevel vist med korrekte fargar.

Dersom den innebygde fargeprofilen manglar av ein eller annan grunn, og du veit (eller har ei god aning om) kva denne burde vere, kan du legge til den manglande fargeprofilen manuelt.

1.2.2. Skjermvising

For å få det beste resultatet, treng du ein fargeprofil også for skjermen. Dersom fargeprofilen for skjermen ikkje er sett opp, kan du gjere dette frå brukarinnstillingane for GIMP.

Ein av dei viktigaste kommandoane for fargestyring i GIMP er omtalt i Del 5.11, «Visingsfiltra».

Har du ingen fargeprofil for skjermen, er det råd å lage ein ved hjelp av skjermkalibreringane og måleverktøy. I UNIX treng du Argyll Color Management System[ARGYLLCMS] og/eller LProf[LPROF] for å lage profilane.

1.2.2.1. Skjermkalibrering og profilinnstellingar

Innstillingane av skjermen vert gjort i to steg. Det eine er kalibreringa og det andre er profileringa. Som oftast er kalibreringa også utført i to steg. Det første er å justera eksterne skjermkontrollar så som kontrast, lysstyrke, fargetemperatur osv. Det andre er justeringar som vert lasta inn i minnet til videokortet for å få skjermen så nær standardinnstillingane som råd er. Desse innstillingane vert lagra i skjermprofilen i den såkalla vcgt-taggen. Det ser ut til at desse opplysningane («LUT») vert lasta inn i systemet ved oppstart i Windows og Mac OS. I Linux må du førebels bruka eit eksternt program som t.d. xcalib eller dispwin. Dersom du berre ønskjer å gjera ei visuell kalibrering ved hjelp av ei nettside som t.d. den til Norman Koren, er det nok å bruka xgamma for å lasta inn gammaverdiane.

Det andre steget, profileringa, er å setja opp eit sett med reglar som GIMP kan bruka for å overføra RGB-verdiane i biletfila til dei samsvarande fargane på skjermen. Desse reglane vert lagra i skjermprofilen. RGB-verdiane i biletet vert ikkje endra, berre kva verdiar som vert sende til videokortet (som har vgct LUT frå før).

1.2.3. Utskriftsimulering

I GIMP er det enkelt å sjå korleis fargane vil sjå ut på papiret. Når du kjenner fargeprofilen for skrivaren, kan du setje førehandsvisinga til denne profilen. Fargar som ikkje kan skrivast ut fordi dei manglar i utskriftprofilen, kan verta sette til nøytral grå slik at du kan korrigera desse før du skriv ut biletet.