4. Dialogar relaterte til bilethandteringa

4.1. Bufferdialogvindauget

Figur 15.61. Bufferdialogvindauget (som liste)

Bufferdialogvindauget (som liste)

Bufferar er ei form for mellombels lagring av biletdata laga når du klippar ut eller kopierer delar av ei teikneflate (eit lag, ei lagmaske osv.). Kommandoane nedanfor er tilgjengelege frå menyen Rediger for å lagra eit bilete til ein buffer:

Klipp ut namngjevne…

RedigerBufferKlipp ut namngjeve… Denne kommandoen kuttar ut den merkte delen frå den gjeldande teikneflata (oftast eit lag) og legg han i bufferen. Viss det ikkje er eit utval, vert heile teikneflata brukt. Du vert beden om å gje bufferen eit namn. Biletet vert fjerna frå utvalet når operasjonen er utført.

Kopier namngjevne…

RedigerBufferKopier namngjeve… Denne kommandoen kopierer den merkte delen frå den gjeldande teikneflata (oftast eit lag) og legg han i bufferen. Viss det ikkje er eit utval, vert heile teikneflata brukt. Du vert beden om å gje bufferen eit namn. Biletet vert fjerna frå utvalet når operasjonen er utført.

Kopier namngjevne synlege…

RedigerBufferKopier synlege namngjevne… Denne kommandoen kopierer den merkte delen frå alle synlege teikneflater og legg dei i bufferen. Viss det ikkje er eit utval, vert heile biletet brukt. Du vert beden om å gje bufferen eit namn.

Lim inn namngjevne…

RedigerBufferLim inn namngjeve… Denne menykommandoen opnar dialogvindauget Bufferar. For å lima inn ein buffer, vel ei av handlingane frå ein knapp eller frå sprettoppmenyen. Begge vert forklarte nedanfor.

Bufferdialogvindauget viser innhaldet i alle dei namngjevne bufferane og gjev deg lov til å arbeide på desse på ulike måtar. Øvst i dialogvindauget vert innhaldet i den «globale bufferen» (innhaldet i utklippstavla) vist, men du kan ikkje gjera noko med denne. Det er ikkje ei grense for kor mange namngjevne bufferar du kan ha, men dei brukar opp minnet i maskinen.

[Obs] Obs

Dei namngjevne bufferane vert ikkje lagra til neste økt. Dersom du lukkar GIMP, forsvinn bufferane. Den einaste måten å bevara dei på, er å lima dei inn i eit bilete.

4.1.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugeLim inn namngjevne…,

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugeBuffer,

  • frå fanemenyen eit anna dialogvindauge ved å klikka på fana og velja Legg til faneBuffer.

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte bufferdialogvindauget frå biletmenyen: VindaugeBufferar.

4.1.2. Å bruka bufferdialogvindauget

Dersom du klikkar på ein buffer i dialogvindauget, vert han den aktive bufferen, dvs. han som vert brukt ved kommandoane i sprettoppmenyen for bufferane. Dersom du dobbeltklikkar på ein buffer, vert innhaldet i han limt inn i det aktive biletet som eit flytande utval. Dette er ein rask måte å utføra kommandoen «Lim inn buffer» på.

Nedst i dialogvindauget er det fire knappar. Desse gjer akkurat det same som buffermenyen som kjem fram dersom du høgreklikkar på den aktive menyen.

Figur 15.62. Bufferdialogvindauget (tabellform)

Bufferdialogvindauget (tabellform)

Frå fanemenyen i bufferdialogvindauget kan du velja mellom to ulike visingsformer: Vis som tabell, som viser bufferen i nettopp tabellform, og Vis som liste, som viser bufferane linje for linje der kvar linje viser ei førehandsvising av bufferinnhaldet, namnet og storleik i pikslar. Sjå i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)» korleis du kan tilpassa førehandsvisinga.

[Tips] Tips

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkjefil. Sjå Vis som liste/tabell

Du kan endra storleiken på førehandsvisinga av bufferen i dialogvindauget ved hjelp av undermenyen «storleik på førehandsvisinga» i fanemenyen.

4.1.2.1. Knappane nedst

Nedst i dialogvindauget finn du fire knappar:

Lim inn buffer, Lim bufferen inn på plass

Denne vil lime den aktive bufferen inn i det aktive biletet som eit flytande utval på same måte som når du bruker den vanlege Lim inn kommandoen.

Når Shift-tasten er halde nede, vert bufferen limt inn på same staden som i biletet.

Lim bufferen inn i utvalet, Lim bufferen inn i utvalet på plass

Denne vil lima innhaldet i den aktive bufferen inn i det gjeldande utvalet som eit flytande utval. Den einaste skilnaden mellom denne og den ordinære kommandoen Lim inn i utvalet er at han brukar den valde bufferen i staden for den globale utklippstavla.

Når Shift-tasten er halde nede, vert bufferen limt inn på same staden som i originalplasseringa.

Lim bufferen inn som nytt lag, Lim bufferen inn som nytt lag på plass

Denne knappen opprettar eit nytt lag i det gjeldande biletet og limer innhaldet i bufferen inn i dette biletet. Den einaste skilnaden mellom denne og den ordinære kommandoen Lim inn som nytt bilete er at den valde bufferen vert brukt i staden for den globale utklippstavla.

Når Shift-tasten er halde nede, vert laget oppretta på same staden som i bufferen.

Lim bufferen inn som nytt bilete

Denne kommandoen opprettar eit nytt bilete med eitt biletlag ut frå innhaldet i den spesifiserte bufferen. Den einaste skilnaden mellom denne og Lim inn som nytt bilete er at han brukar den valde bufferen i staden for den generele utklippstavla.

Slett bufferen

Denne knappen slettar den aktive bufferen utan varsling. Du kan likevel ikkje sletta den globale bufferen.

4.1.2.2. Sprettoppmenyen for bufferdialogvindauget

Figur 15.63. Sprettoppmenyen for dialogvindauget «Buffer»

Sprettoppmenyen for dialogvindauget «Buffer»

Desse kommandoane er dei same som dei som er tilgjengelege frå knappane nedst i vindauget og er forklarte der.