3.8. Dialogvindauget for skrifttypar

Figur 15.59. Dialogvindauget for skrifttypar

Dialogvindauget for skrifttypar

Dette dialogvindauget vert brukt for å velja skrifttypar for bruk med tekstverktøyet. I tillegg kan du oppdatera lista over tilgjengelege skrifttypar dersom du legg til nye medan GIMP er i bruk.

3.8.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugeSkrifter,

  • frå fanemenyen eit anna dialogvindauge ved å klikka på fana og velja Legg til faneSkrifter,

  • eller frå innstillingane for tekstverktøyet ved å klikka på knappen «Skrifttype». Det kjem då opp ein skrifttypeveljar. Trykker du på knappen i nedre, venstre hjørne av denne, får du opp menyen for skrifttypar.

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfta dialogvindauget for skrifttypar frå biletmenyen med VindaugeSkrifttypar.

3.8.2. Å bruka dialogvindauget

Det er vel inga overrasking at den vanlegaste bruken av dette dialogvindauget er å velja skrifttype for tekstverktøyet. Dette gjer du ganske enkelt ved å klikka på den ønskte skrifttypen. Dersom du held nede museknappen ei lita stund medan du held musepeikaren over eksempelet på skrifttypen («Aa»), vil det dukka opp ei setning som inneheld alle bokstavane i alfabetet. («Høvdingens kjære squaw får litt pizza i Mexico by»).

Rutenett/Liste-modus

Figur 15.60. Dialogvindauget for skrifttypar

Dialogvindauget for skrifttypar

Dialogvindauget på tabellform

Dialogvindauget for skrifttypar

Dialogvindauget på listeform


[Tips] Tips

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkjefil. Sjå Vis som liste/tabell

Du kan velja utsjånad på dialogvindauget ved å gå inn på fanemenyen og velja mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellform vert alle tilgjengelege skrifttypar viste med «Aa». I listeform vert det i tillegg vist namnet på skrifttypen.

Oppdater skrifttypane

Trykk på denne knappen for å laste inn skrifttypane på nytt og gjere dei tilgjengelege for tekstverktøyet. Dette kjem helst til nytte dersom du legg inn nye skrifttypar medan GIMP er i bruk. Det er også råd å oppdatere lista med skrifttypar ved å høgreklikke i dialogvindauget og velje «Last skrifttypane på nytt» frå menyen som dukkar opp. Det er faktisk det einaste valet i denne menyen.

[Tips] Tips

Du kan endra storleiken på førehandsvisinga av skrifttypane i dialogvindauget ved hjelp av undermenyen «storleik på førehandsvisinga» i fanemenyen.