2.3. Hent inn

Sidan GIMP i desse menyvala kallar opp systemfunksjonar i datamaskinen, kan innhaldet i dette menyvalet variera ein del i høve til kva systemoppsett datamaskinen har.

2.3.1. Slik slår du på undermenyen

Du har tilgang til denne oppføringa på hovudmenyen via FilHent inn.

2.3.2. Frå utklippstavla

Når du kopierer eit utval, vert del lagt inn i utklippstavla. Bruk FilHent innFrå utklippstavla eller trykk Shift+Ctrl+V for å laga eit nytt bilete frå innhaldet i utklippstavla.

Denne kommandoen gjer det same som kommandoen lim inn som nytt bilete.

Tasten Print Screen vil henta eit skjermbilete av skjermen og leggja dette i utklippstavla. Han gjer altså det same som valet «Skjermbilete (heile skjermen)» i dialogvindauget Skjermbilete. For å ta eit bilete av det gjeldande vindauget, med alle dekorasjonane, brukar du tasten Alt saman med Print Screen.

2.3.3. Skjermbilete

Figur 16.5. Vindauget «skjermbilete»

Vindauget «skjermbilete»

[Notat] Notat

Dialogvindauget for å ta skjermbilete kan sjå heilt annleis ut, avhengig av operativsystemet. For eksempel i eit Linux-system som implementerer XDG portal-spesifikasjonen kan dialogvindauget brukt av operasjonssystemet verta opna i staden for GIMP sitt innebygde dialogvindauge vist i denne bolken.

Menyvalet Skjermbilete … opnar eit todelt dialogvindauge:

Skotområde
Knips eit bilete av eit enkelt vindauge

Musepeikaren skifter til eit kryss. Klikk i det biletvindauget du vil ta bilete av. Det vert då laga eit nytt bilete.

Ta bilete av heile skjermen

Dette kan vere nyttig når du vil ta eit bilete av ein oppsprettmeny el.l. Det kan då vere nødvendig med ei forseinking slik at du får tid til å hente fram menyen.

Vel område som skal hentast inn

Musepeikaren får korsform. Du kan nå klikka og dra eit rektangelutval på biletet. Dette utvalet vert opna som eit nytt bilete med same storleik som utvalet. Merk at desse innstillingane ikkje er tilgjengelege i Windows.

Innhald
Ta med vindaugedekorasjonar

Dersom det ikkje er kryssa av for Inkluder vindaugedekorasjonar, vert tittellinja og ramma rundt biletet ikkje teke med.

Ta med musepeikaren

Dersom det er kryssa av for Inkluder musepeikaren vert også musepeikaren med på biletet. Musepeikaren vert lagt inn i eit separat lag slik at du kan flytta han dit du ønskjer.

Forseinking
Utvalsforseinking

Kor mange sekund det skal gå før du «skyt» området.

Skjermbileteforseinking

Når du tek bilete av heile skjermen, vert biletet teke etter denne forseinkinga. Musepeikaren skiftar til eit kryss når biletet er teke.

Fargeprofil

Vel om Merk biletet med monitor-profilen eller Konverterer eit bilete med sRGB skal brukast i GIMPsit innebygde fargerom. Sjå Del 6.8, «Undermenyen «Fargestyring»» for meir informasjon.

[Notat] Notat

På grunn av ein programfeil kan det henda , GIMP legg til feil fargar i eit skjermbilete.

2.3.4. Skannar og kamera

Denne eininga er tilgjengeleg i Windows operativsystem som brukar TWAIN. Inneiningane for bilete vert viste i dialogvindauget dersom dei er kopla til. I Linux må du installere programtillegget XSane som er tilgjengeleg frå menyen FilHent innXSaneDevice dialog ….

Figur 16.6. Skannar og kamera

Skannar og kamera

Utstyr for å henta inn bilete er alt for variert til å verta omtalt her. Heldigvis er det meste nokså intuitivt. I det viste eksemplet er maskinen (Windows 7) kan du bruka ein skannar eller eit kamera.