11.3. Teikneserie

11.3.1. Oversyn

Figur 17.199. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Teikneserie»


Dette filteret forandrar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det kan minne om ei teikning laga med filtpenn i ein teikneserie. Dette vert gjort ved at pikslar som er tydeleg mørkare enn dei omkringliggande pikslane vert gjort endå mørkare. Lyse område i biletet vert ikkje forandra.

11.3.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskTeikneserie….

11.3.3. Innstillingar

Figur 17.200. Innstillingane for filteret «Teikneserie»

Innstillingane for filteret «Teikneserie»

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Maskeradius

Denne glidebrytaren bestemmer kor stort virkefelt filteret skal ha, dvs. kor brei filtpennen skal vera. Låge tal gjev smal penn og meir detaljar i biletet, medan høge tal gjev lite detaljar og ein brei strek.

Prosent svart

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje svart farge som skal føyast til i biletet. Låge verdiar gjev mjuke overgangar mellom farga område og svart. Dei svarte strekane vert tynnare og mindre synlege. Høge verdiar gjer strekane breiare, mørkare og skarpare. Som oftast får du det beste resultatet ved å velja ein verdi omtrent midt på skalaen.