Dette programtilegget omformar biletet slik at det ser ut som det er sett saman av små, firkanta silkepapirbitar.
Tips | |
---|---|
Dersom du finn ut at dette filteret er for enkelt, kan du prøva filteret GIMPressionist i staden. |
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Denne variabelen bestemmer storleiken, i pikslar, på kvadrata som skal brukast. Dette er faktisk storleiken på dei små firkantane med silkepapir som vert brukte for å generera det nye biletet. Du kan bruka glidebrytaren eller skriva inn pikselstorleiken i innskrivingsfeltet, eller du kan bruka piltastane.
Denne variabelen spesifiserer kor intens fargen på rutene skal vera. Dette påverkar dekkevna til rutene. Ein høg verdi vil visa rutene veldig intenst og let ikkje ruter som ligg under visast gjennom dei. Ein lågare verdi gjer at dei underste rutene vert meir synlege gjennom dei øvre rutene og fører til meir blanding av fargane.
Her kan du endra bakgrunnsfargen som filteret brukar. Du kan klikka på fargelinja for å velja ein farge eller bruka fargeplukkaren for å henta ein farge frå biletet.
Dette alternativet kontrollerer kor tilfeldig filteret skal vera. Du kan bruka feltet Tilfeldig frø for å leggja inn eit frø manuelt for slumpalgoritmen som vert brukt. Du kan også generera eit tilfeldig frø ved å trykkja på knappen . Viss det same tilfeldige frøet vert brukt i same situasjon, gjev filteret nøyaktig dei same resultata. Eit anna tilfeldig frø gjev andre resultat.
Tips | |
---|---|
Dette filteret er godt eigna for å laga bakgrunn for nettsider og liknande. Lag eit lite bilete med få, tilfeldig spreidde fargar. Bruk deretter filteret på biletet. Når du har funne høvelege innstillingar, brukar du desse. Til slutt kan du køyra filteret Lag saumlause. Dette gjer at biletet vert repetert som bakgrunnsbilete på nettsida utan synlege overgangar mellom dei ulike kopiane. |