8.58. Utjamning

Dette filteret kan redusera talet på fargar ved å redusera nivåa i kvar kanal (fargar og alfa). Du kan spesifisera ulike utjamningsmetodar for å motverka at det ver laga kvantiseringsindusert «banding».

8.58.1. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarUtjamning ….

8.58.2. Innstillingar

Figur 16.228. Dialogvindauget for utjamningsfilteret

Dialogvindauget for utjamningsfilteret

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Raudnivå, Grønnivå, Blånivå, Alfanivå

Desse glidebrytarane vert brukte for å setja talet på nivå for raud-, grøn-, blå- og alfakanalen.

Utjamningsmetode

Her bestemmer du kva utjamningsmetode som skal brukast.

Ingen

Inga utglatting vert gjort på biletet.

Floyd-Steinberg

Dette er den mest brukte metoden for utjamning, og er standard. Du finn meir om dette i Floyd–Steinberg dithering på Wikipedia.

Bayer

«Bayer Matrix» er ein annan metode for utglatting brukt for å redusera talet på fargar. Algoritmen er prega av merkbare skraveringsmønster i resultatet. Sjå Ordered dithering on Wikipedia for meir om dette.

Tilfeldig, Tilfeldig kovariant

Desse metodane for utjamning gjer pikselverdiane tilfeldige for å redusera talet på fargar.

Legg til aritmetisk, Legg til kovariant aritmetisk, Aritmetisk anten-eller, Aritmetisk anten-eller kovariant

Desse metodane for utjamning er romleg stabile, basert på magiske tal og aritmetikk. For meir informasjon, sjå a dither.

Blå støy, Blå støy kovariant

Desse utjamningsmetodane som brukar såkalla «blå støy» har vist seg å vera minst skjemmande og distraherande. For meir informasjon, sjå Dithering in image processing på Wikipedia.

Tilfeldig frø, Nytt frø

Dette alternativet kontrollerer kor tilfeldig filteret skal vera. Du kan bruka feltet Tilfeldig frø for å leggja inn eit frø manuelt for slumpalgoritmen som vert brukt. Du kan også generera eit tilfeldig frø ved å trykkja på knappen Nytt frø. Viss det same tilfeldige frøet vert brukt i same situasjon, gjev filteret nøyaktig dei same resultata. Eit anna tilfeldig frø gjev andre resultat.

Inngangstype, Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».