Dette filteret kan brukast for å halda RGB-pikselverdiane innføre eit spesifisert område. Det ser ut til at filteret verkar best når du held både den øvre og den nedre grensa mellom 0 og 1. Men du kan få nokre artige effektar ved å setja øvre grense nær 0 og den nedre grensa over 1.
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Når denne er merkt av, vert låge pikselverdiar klipte.
Pikselverdiar lågare enn denne grensa vert sette til denne verdien.
Når denne er merkt av, vert høge pikselverdiar klipte.
Pikselverdiar høgare enn denne grensa vert sette til denne verdien.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».