Filteret «RGB-støy» legg normalfordelt støy til eit lag eller eit utval. Filteret brukar fargemodellen RGB for å laga støyen (støyen vert lagt til dei raude, grøne og blå verdiane for kvar piksel). At støyen er normalfordelt, betyr at dei fleste pikslane i det berørte området berre vert tilsett ein liten grad av støy, medan nokre få pikslar vert tilsett svært mykje støy. Brukar du dette filteret på eit einsfarga grått bilete, kan du sjå av histogrammet at fordelinga er ei klassisk klokkeforma gausskurve.
Resultatet ser svært naturleg ut.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Støy kan vera additiv (ukorrelert) eller multiplikativ (korrelert ‒ også kjent som spetting). Når dette er merkt av, vert kvar kanalverdi multiplisert med ein normalfordelt verdi. Støyen er avhengig av kanalverdiane: ein høgare kanalverdi fører til meir støy, medan mørke fargar (små verdiar) har en tendens til å framleis vera mørke.
Når denne radioknappen er vald, kan du endra kvar RGB-glidebrytar for seg. Elles vert dei tre brytarane R, G og B byt ut med ein enkelt glidebrytar for verdi. Det vert då lagt til den same relative støymengda i kanalane i kvar piksel slik at kuløren ikkje vert særleg endra:.
Opererer på lineærte RGB-fargedata.
Bruk ei gaussisk støyfordeling. Når denne ikkje er merkt, vert lineær støyfordeling brukt i staden.
Desse glidebrytarane og tilstøytande inngangsboksar let deg stilla inn støynivå (0,00 - 1,00) i kvar kanal.
Verdiane sett med brytarane er eigentleg standardavvik i høve til normalfordelinga av tillagt støy. Det brukte standardavviket er halvparten av den viste verdien. 1 er avstanden mellom den lågaste og høgaste moglege verdien i ein kanal.
Dette alternativet kontrollerer kor tilfeldig filteret skal vera. Du kan bruka feltet Tilfeldig frø for å leggja inn eit frø manuelt for slumpalgoritmen som vert brukt. Du kan også generera eit tilfeldig frø ved å trykkja på knappen . Viss det same tilfeldige frøet vert brukt i same situasjon, gjev filteret nøyaktig dei same resultata. Eit anna tilfeldig frø gjev andre resultat.