fjernar den gjeldande ICC-profilen frå biletet og set inn GIMP sin innebygde sRGB-profil i staden.
Notat | |
---|---|
Tilordning av ein ny profil til eit bilete endrar ikkje dei aktuelle kanalverdiane for biletet. Bruk av ein ny ICC-profil endrar berre kva kanalverdiane betyr, noko som gjer at utsjånaden til biletet vert endra. Dette gjeld ikkje når den opphavlege profilen og den nye profilen er funksjonelt like. |
Viss du fjernar fargeprofilen for biletet:
Utsjånaden på biletet vert endra (med mindre biletet alt er i eit ICC-profilfargerom som har same fargestoff og kanalkoding som det nyleg tildelte GIMP sRGB-fargerommet).
Kanalverdiane i biletet vert ikkje endra ved å fjerna den gjeldande profilen og setja inn GIMP sin innebygde sRGB-profil i staden.
Det kan vera nyttig å fjerna den gjeldande profilen dersom du ønskjer å eksportera eit bilete utan den innebygde ICC-profilen.
kan berre nyttast dersom ICC-profilen brukt i biletet ikkje er GIMP sin innebygde sRGB-profil. GIMP sin innebygde sRGB-profil vert ikkje lagt inn i biletet ved eksport til lagringsmedium.