6.25. Flett saman synlege lag

Kommandoen Flett saman synlege lag flettar dei laga som er avmerkte som synlege, dvs. som har synleg «augeikon» i lagdialogvindauget, saman til eit enkelt lag.

[Notat] Notat

Dette valet fører til at dei synlege laga forsvinn. Kommandoen nytt frå synlege vil leggja eit nytt lag øvst i stakken utan å sletta dei synlege laga.

6.25.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteFlett saman synlege lag …,

  • eller med snartastane Ctrl+M.

6.25.2. Beskriving av dialogvindauget «Innstillingar for fletting av lag»

Figur 16.71. Dialogvindauget «Innstillingar for fletting av lag»

Dialogvindauget «Innstillingar for fletting av lag»

Det ferdige laget skal:

(Synlege lag er dei laga som er merkte med eit augesymbol i lagdialogvindauget).

  • Utvidast etter behov: Det nye laget vert stort nok til å innehalda alle dei laga som skal flettast. Hugs at i GIMP kan eit lag vera større enn biletet.

  • Klippast etter biletet: Det nye laget vert like stort som biletet. I GIMP kan eit lag vera større enn biletet. Med denne innstillinga vert alt som er større enn biletet klipt bort.

  • klippast etter botnlaget: Det nye laget vert like stort som botnlaget. Dersom botnlaget er mindre enn nokre av dei synlege laga, vert det overskytande klipt bort.

Flett berre innanfor gjeldande grupper

Dette sjølvforklarande valet er tilgjengeleg når det finst ei laggruppe.

Fjern usynlege lag

Fører til at alle laga som ikkje er merka som synlege vert fjerna frå lagstabelen.

Figur 16.72. Eksempel på bruk av «Fjern usynlege lag»

Eksempel på bruk av «Fjern usynlege lag»

Eksempelbilete

Eksempel på bruk av «Fjern usynlege lag»

Før bruk av «Flett saman synlege lag»: Tre lag, to er synlege

Eksempel på bruk av «Fjern usynlege lag»

Etter å ha brukt «Flett saman synlege lag» når «Fjern usynlege lag» ikkje er avkryssa

Eksempel på bruk av «Fjern usynlege lag»

Etter å ha brukt «Flett saman synlege lag» når «Fjern usynlege lag» er avkryssa