7.7. Flett saman nedover

Kommandoen Flett saman nedover flettar det gjeldande laget saman med laget like under. Det vert tatt omsyn til innstillingane til det gjeldande laget, slik som gjennomsikt og modus. Det samansette laget vil vera i normalmodus med dekkevna se til 100 % og vil få ein alfakanal sjølv om originallaget ikkje hadde dette. Dersom laget nedanfor er gjennomsiktig eller er i anna modus enn normalmodus, vil denne kommandoen til vanleg føra til synlege forandringar i biletet.

Den mest vanlege bruksmåten for Flett saman nedover er å oppretta eit ugjennomsiktig «basislag», som oftast einsfarga og i normalmodus, og bruka dette som underlag for eit «arbeidslag». Dette gjer det lettare å sjå kva du gjer på arbeidslaget, særleg om du arbeider med meir eller mindre gjennomsiktige område. Når arbeidet er utført, fletter du dei to laga saman. Resten av biletet vert uforandra.

Kommandoen Flett saman nedover er ikkje tilgjengeleg når det finst eit flytande lag i biletet.

7.7.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen

  • Frå hovudmenyen via LagFlett saman nedover.

  • Frå lagdialogvindauget ved å velja Flett saman nedover i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar, eller klikka på knappen Merge Down nedst i dialogvindauget.