Kommandoen
opnar dialogvindauget «Skaler laget» der du kan endra storleiken på laget og innhaldet i det. All skalering, opp eller ned, vil redusera kvaliteten på biletet. Difor viser kommandoen eit vindauge der du kan setja parametrar som styrer storleiken og biletkvaliteten.Denne kommandoen arbeidar berre på eit enkelt lag.
Tips | |
---|---|
Ein annan måt å skalera laga på er ved å bruka verktøyet Skaler medTransformer sett til Lag. |
Du har tilgang til denne kommandoen
Du har tilgang til denne oppføringa i hovudmenyen via
→ .Frå lagdialogvindauget ved å velja i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar.
Når du forstørrar eller forminskar eit bilete, veret kvaliteten på biletet alltid litt forringa. Sjå nedanfor.
Når du opnar dialogvindauget, vert dei gjeldande verdiane for laget viste i dialogboksane. Du set dei nye verdiane for Breidd og Høgd anten ved å skriva tal i tekstboksen eller bruka pilane. Til vanleg vil forholdet mellom høgd og breidd vera konstant, men ved å klikka på lenkjesymbolet kan du opna lenkja og såleis skriva inn verdiar uavhengige av kvarandre. Om du gjer dette, er det sjølvsagt ein risiko for at laget kan verta noko forvrengt.
Dersom du vil bruke andre måleeiningar enn pikslar, finn du desse i nedtrekksmenyen. Vel du prosent, vert storleiken sett relativ til originalstorleiken. Brukar du fysiske måleeininga som t.d. mm, må du vera observant på X/Y oppløysinga til biletet.
Når du forstørrer eit bilete vert verdiane til dei manglande pikslane kalkulerte med interpolering ut frå eksisterande pikslar. Det vert ikkje lagt inn nye detaljar i biletet. Dess meir eit bilete vert forstørra, og dess fleire gonger du forstørrar biletet, dess utydelegare vert resultatet. Kor mykje biletet vert forringa, er litt avhengig av kva interpoleringsmetode du vel å bruke. Det er råd å forbetra resultatet litt ved hjelp av filteret gjer skarpare (uskarpmaske), men det beste er å bruka høgare oppløysing ved fotograferinga eller skanninga dersom dette er mogleg. Det er svært vanskeleg å forstørra rasterbilete med tilfredsstillande resultat.
Nedtrekksmenyen vert brukt for å velja kva metode GIMP skal bruka for å fjerna eller leggja til pikslar.
Dett gjev deg høve til å velja inerpoleringsmetode dor skaleringa. Sjå detaljane om kva metode i Interpolering for transformeringsverktøya.