2.6. Navigeringsdialogvindauget

Figur 15.19. Navigeringsdialogvindauget

Navigeringsdialogvindauget

Dialogvindauget for navigering er laga for at du enkelt skal kunna navigera deg rundt i eit bilete som er større enn biletvindauget. I slike tilfelle vert den synlege delen av biletet vist som ei kvit ramme i dialogvindauget. Når musepeikaren er inne i denne ramma, får han for av ei gripande hand. Utføre ramma ser han ut som ei hand med ein peikande finger.

For å endre visingsområdet:

2.6.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugeNavigasjon,

  • frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge som kan limast inn ved å klikka på fana og velja Legg til faneNavigasjon,

  • frå hovudmenyen via VisNavigeringsvindauget.

  • Viss du har slått på rullefelta tilgjengelege, har du raskare tilgjenge, men utan å kunna forstørre ved å klikka på ikonet i nedre, høgre hjørnet av biletvindauget der rullefelta sluttar.

2.6.2. Å bruka navigeringsdialogvindauget

Glidebrytaren

Dette gir ein meir nøyaktig kontroll med forstørringa enn når du brukar kommandoen Zoom. Denne glidebrytaren kan også flyttast med musehjulet når musepeikaren er på brytaren eler med Ctrl og musehjulet.

Knappane

Forminsk Forstørr og Forstørr 1:1 forklarer seg sjølv.

Vis heile biletet i vindauget

Gjer at heile biletet får plass i det brukte biletvindauget.

Vis biletet optimalt i vindauget

Biletstorleiken og forstørringsgraden vert justerte slik at heile biletet kan visast i biletvindauget med minst mogleg forstørring.

Reduser biletvindauget til biletvisinga

Sett biletvindauget slik at heile biletet kan visast utan å endra forstørringa. Denne kommandoen er også ei menyoppføring. Sjå meire om det i Del 5.8, «Tilpass vindauget».