2.7. Dialogen for angreloggen

Figur 15.20. Dialogen for angreloggen

Dialogen for angreloggen

Denne dialogen viser ei liste over kva du har halde på med i det siste, i det minste på det aktive biletet. Dei forandringane du har gjort vert forsøkt vist med ein miniatyr. Du kan tilbakeføra biletet til eitkvart av punkta på lista berre ved å klikke på den ønskte visinga i dialogen. Vil du vite meir om dette, kan du klikke deg inn på sida om å angre.

2.7.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • from the main menu: WindowsDockable DialogsUndo History.

  • from the Tab menu in any dockable dialog by clicking on and selecting Add TabUndo History.

2.7.2. Å bruke angreloggen

Det mest nærliggande er å velje eit punkt i angreloggen ved å klikke på det. Du kan trygt klikke deg framover eller bakover i lista utan å vere redd for å miste informasjon om biletet eller å bruke opp ressursane. Som oftast går forandringane svært raskt.

[Tips] Tips

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkefil. Sjå Vis som liste/tabell

Knappane nedst i dialogvindauget:

Angre

Denne knappen gjer det same som når du vel RedigerAngre frå biletmenyen, eller trykker snartastane Ctrl+Z. Han opnar det førre biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk opp i dialogen.

Gjenta

Denne knappen gjer det same som når du vel RedigerGjenta frå biletmenyen, eller trykker tastekombinasjonen Ctrl + Y. Han opnar det neste biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk ned i dialogen.

Tøm angreloggen

Denne knappen fjernar alt innhaldet i angreloggen, bortsett frå det aktive biletet. Dette er såpass drastisk at du får spørsmål om du verkeleg vil dette. Den einaste grunnen til å bruke denne knappen er dersom du er i ferd med å gå tom for ledig minne.

[Notat] Notat

In a tab, this dialog is represented by

[Notat] Notat

Du kan bestemma kor stort angrenivået skal vere i Systemresursar.