6.25. Datamapper

Figur 15.115. Preferansar: Penselmapper

Preferansar: Penselmapper

GIMP brukar mange ulike resursar, som penslar, fargeovergangar og mønsterelement. Det vert lagt inn eit grunnleggjande sett av desse når GIMP vert installert, men du kan leggja til utgåver du lagar sjølv eller får tak i på andre måtar. Kvar av desse har ei innstillingsside der du kan setja opp søkjebanen. Dette er den søkjebanen GIMP brukar for å kunna henta inn dei aktuelle resursane automatisk ved oppstart. Sidan alle desse sidene er nokså like kvarandre, har vi vald å bruka sida for penslane som eksempel.

I utgangspunktet inneheld kvar søkjebane to mapper. Ei system-mappe der penslane eller kva det måtte vere som kjem saman med GIMP vert lagt inn. I tillegg er det også ei personleg mappe der alt det du lagar sjølv vert plassert. For ikkje å gjere forandringar i systemmappa ved eit uhell, skal denne merkjast som «skriveverna». Du bør heller ikkje gjera andre forsøk på å endra innhaldet i mappa. Derimot må den personlege, eller private, mappa di vera open for å kunne skrivast til, elles får du ikkje lagra tinga dine.

Du kan tilpassa søkjestien med knappen øvst i vindauget.

Innstillingar

Vel ei mappe

Klikk på ei av mappene for å gjere denne til den som funksjonane du ønskjer å utføre skal verka på.

Legg til/bytt mappe

Dersom du skriv mappenamnet i innskrivingsruta eller finn fram til ei mappe ved hjelp av filveljarknappen heilt til høgre, og deretter klikkar på den venstre knappen, vert den nye mappa sett inn i staden for den merkte mappa. Dersom ingenting i mappa er merkt, vert mappa lagt til i lista.

Symbolet til venstre for der du skriv inn teksten vil endra seg når mappa du søkjer etter ikkje finst. GIMP vil ikkje laga ho for deg, så dette må du gjera sjølv. Avhengig av kva ikon-tema du brukar, vil synbolet nemnd ovanfor endra seg frå grønt til raudt eller frå tommelen opp til tomelen ned for å visa at mappa ikkje finst.

Flytt opp/ned

Innlastinga av mappene skjer i den rekkefølgja dei er vist i lista. Du kan såleis påverka dette ved å flytte filene opp eller ned med pilene øvst i dialogvindauget.

Slett mappe

Klikk på knappen som viser søppeldunken eller X-ikonet, avhengig av ikontemaet som er i bruk, for å fjerna den markerte mappa frå søkelista. Sjølve mappa vert ikkje fjerna, berre plasseringa på lista. Det er ingen god ide å fjerna systemmappa, men ingenting hindrar deg i å gjere det.