7. Andre dialogvindauge

7.1. Dialogvindauget for verktøyforvala

Dialogvindauget for verktøyforvala viser alle lagra forval. Klikkar du på eitt av forvala, vert det gjeldande verktøyet ona med dei lagra forvala.

Figur 15.116. Dialogvindauget for verktøyforvala

Dialogvindauget for verktøyforvala

7.1.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til denne menyen

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyforval,

  • frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge som kan limast inn ved å klikka på fana og velja Legg til faneVerktøyforval.

7.1.2. Ved å bruke dialogvindauget for verktøyforvala

Dette dialogvindauget kjem med ei liste over førehandsdefinerte forval. Kvar av dei har eit namn og eit ikon som viser kva verktøy dei høyrer til.

Forvala kan verta tagga slik at du kan arrangere visinga av forvala slik du ønskjer. Sjå Del 3.7, «Tagging» for meire informasjon om tagging.

Dobbeltklikk på ikonet for forvalet for å opna vindauget for å redigera forvalet.

Dobbeltklikk på eit namn for å redigere det.

Nedst i dialogvindauget finn du fire knappar:

  • Rediger forvalet for dette verktøyet. Når du trykker på denne knappen kjem det opp eit vindauge der du kan redigere forvala for det aktuelle verktøyet. Editoren for verktøyforvala er omtalt i Del 7.2, «Redigering av verktøyforvala».

  • Lag eit nytt verktøyforval. Før du trykkjer på denne knappen, må du anten merkja eit eksisterande forval eller velja eit verktøy i verktøykassa, for eksempel helbredverktøyet som ikkje finst i dei førehandsinnstilte forvala. Det vert då laga eit nytt forval øvst i forvalvindauget og vindauget for å redigera forvalet vert opna. Sjå Del 7.2, «Redigering av verktøyforvala».

  • Lagra dei gjeldande verktøyinnstillingane til dette forvalet: Dette lagrar dei gjeldande verktøyinnstillingane til det valde forvalet.

  • Tilbakestill dette forvalet: dette set innstillingane for forvalet tilbake til dei lagra innstillingane.

  • Slett forvala for dette verktøyet. Slettar det gjeldande forvalet. Denne knappen er slått av for forvala som kom saman med GIMP.

  • Oppdater verktøyforvala. Dersom du har lagt inn eit forval manuelt i mappa Tool Presets sett opp i Folders Preferences må du klikka på denne knappen for å visa forvala i lista.

7.1.3. Sprettoppmenyen for redigeringa av verktøyforvala

Høgreklikk i forvalsvindauget for å få opp ein sprettoppmeny med ein del av dei same kommandoane som er omtalte for knappane: Rediger verktøyforvalet, nye verktøyforval, lagra verktøyforvala og oppdater verktøyforvala. Det er også nokre nye kommandoar:

Dupliser verktøyforvalet

Dupliser verktøyforvalet. Dette valet vil alltid vere gråa ut. Det er unødvendig fordi, slik som du kan sjå ovanfor, det alltid vert laga ein kopi av eit forval når du lagar eit nytt forval frå eit eksisterande.

Kopier plasseringa av verktøyforvalet

Kopier forvalsadressa. Kopierer stien til fila med forvala inn i utklippstavla.

Vis i filhandsamaren

Vis i filhandsamaren opnar plasseringa av verktøyforvalet i standard fillesar brukt i systemet.