6.7. Verktøyinnstillingar

Figur 15.89. Verktøyinnstillingane

Verktøyinnstillingane

Dette dialogvindauget vert brukt for å bestemma ein del generelle innstillingar for ulike verktøy.


6.7.1. Innstillingar

Generelt

Tillat redigering av ikkje-synlege lag

Du kan redigera lag som ikkje er synlege (auge-ikonet i dialogvindauget for lag)

Lagra verktøyinnstillingane ved avslutning

Treng vel ikkje nærare forklaring

Lagra verktøyinnstillingane nå

Treng vel ikkje nærare forklaring

Tilbakestill verktøyinnstillingane til standarsverdiane

Treng vel ikkje nærare forklaring

Skalering

Standard interpolering

Når noko vert skalert, dvs. gjort større eller mindre, vert dei nye pikslane rekna ut ved å interpolere pikselverdiar frå kjelda. Du bestemmer her kva for metode som skal vera den førehandsinnstilte, men kan alltids endre denne etter behov.

Du har fem val:

Ingen

Dette er den raskaste metoden, men han er ganske grov: du bør vurdera å bruka han berre viss maskinen din er svært saktegåande, eller når du utformar pikseliserte bilete.

Lineær

Ei enkel utgåve av interpolering, men som er god nok i dei fleste tilfella.

Kubisk

Dette er standardvalet, men også saktare enn Lineær. Som oftast gjev dette eit betre resultat enn lineær, men det finst tilfelle der det vert dårlegare.

IngenHalo

Denne metoden brukar ei høgkvalitets interpolering. Bruk «Ingen halo» dersom du forminskar biletet til mindre enn halvparten av det opphavlege biletet.

LågHalo

Denne metoden brukar ei høgkvalitets interpolering. Bruk «Låg halo» dersom du forminskar biletet berre litt, som for eksempel ved rotering eller forskyving.

Teikneinnstillingar felles for fleire verktøy

Pensel, Dynamikk, Mønsterelement, Fargeovergang, Utvid lag

Har du for eksempel merka av i ruta framføre Pensel, vil den penselen du vel for blyanten også gjelde for kloneverktøyet eller andre verktøy som brukar pensel. Er ruta ikkje avkryssa, vil penselinnstillingane berre gjelde for det aktive verktøyet.

Flytteverktøyet

Set lag eller bane som aktiv

Dersom du har merkt av for denne, vil flytteverktøyet automatisk verka på biletlag eller banar utan at du trykkjer nokre tastar samstundes.