6.6. Eksperimentell leikeplass

Figur 15.88. Sida med innstillingar for leikeplassen

Sida med innstillingar for leikeplassen

6.6.1. Innstillingar

Maskinvareakselerasjon

Innstillingane for leikeplassen er tilgjengeleg berre viss GIMP er opna med kommandoen «--show-playground» i linjeargumentet eller viss du tidlegare har slått på ei av dei eksperimentelle innstillingane i leikeplassen.

Bruk OpenCL

OpenCL er eit akronym for Open Computing Language (sjå Wikpedia). Dette valet prøver å forbetra farten på utføringa av fleire operasjonar ved å bruka GPU (grafisk prosessor) i staden for CPU-en.

[Åtvaring] Åtvaring

Dette er ein veldig eksperimentell funksjon som er kjent for å krasja ofte! Slå på dette berre hvis du har tenkt å arbeida med å forbetra det, og ikkje gløym at du har slått det på.

Eksperimentell

Verktøyet _N-punktdeformasjon

Dette verktøyet vert brukt for å laga ein gummiliknande deformasjon av biletet ved å bruka punkt.

Verktøyet for saumlaus kloning

Med dette verktøyet kan du lime inn eit bilete i eit anna saumlaust.

Verktøyet for teikneval

Dette verktøyet let deg teikna på eit bilete for gradvis å laga eit utval.

[Åtvaring] Åtvaring

Dette er eksperimentelle verktøy so er kjende for å krasja, gjera maskinen saktare og ikkje arbeida som venta. Slå på desse berre viss du ønskjer å prøva dei ut eller ønskjer å forbetra dei, og ikkje gløym at du har slått dei på.