3.3. Nokre verktøyikon manglar

Verktøy med liknande funksjonar er i normaloppsettet grupperte saman. For å sjå dei andre ikona i gruppa, set musepeikaren over eit ikon. Avhengig av korleis preferansane er sett (sjå nedanfor), kan du sjå dei andre ikona i gruppa berre ved å halda peikaren over ikonet eller etter å ha klikka på det. Den vesle trekanten nede til høgre i eit verktøyikon fortel at det er fleire ikon i gruppa.

I verktøyinnstillingane kan du også slå av grupperinga eller endra grupperingane for å laga nye grupper.