3. Korleis fiksa manglande vindauge og dialogvindauge

3.1. Alle verktøyvindauga manglar

Figur 4.7. Dialogvindauga for verktøy er borte (ved bruk av TAB)

Dialogvindauga for verktøy er borte (ved bruk av TAB)

Hovudvindauget i GIMP med gøymde dialogvindauge for verktøy (ved bruk av TAB).


Når du ser berre biletvindauget og ingen av verktøyvindauga, kan det vera du har kome borti TABULATOR-tasten ved eit uhell. Dette er standard snarveg for å visa eller gøyma vindauge.

Du kan altså ordna dette ved berre å trykkja TABULATOR igjen. Du kan også bruka VindaugeGøym vindauge for å veksla mellom vis og gøym.

[Notat] Notat

Av og til reagerer ikkje TABULATOR når du prøver å gøyma verktøydialogvindauget. Dette skjer når fokus er inne i dialogvindauget i staden for på biletet. Set fokus på biletet for å fiksa dette, eller bruk menykommandoen nemnd ovanfor.