Verktøyet «Vel etter farge» vert brukt for å merkja område på biletet ut frå fargelikskap. Verktøyet liknar på «tryllestaven», men medan denne vel samanhengande område i høve til startpunktet, vel «vel etter farge» pikslar med same farge som den du klikka på over heile biletet, uavhengig av avstanden mellom dei.
Du kan slå på verktøyet på mange måtar:
Frå hovudmenyen via
→ → .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.
Med tastesnarvegen Shift+O.
Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.
Som med tryllestaven, byrjar veljinga straks du klikkar på eit fargepunkt i biletet. Du kan forandra terskelverdiane ved å klikka og dra på same måten som for tryllestaven.
Du kan flytta omrisset av utvalet med piltastane, ikkje med datamusa.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.Notat | |
---|---|
Mange av innstillingane er felles for alle utvalsverktøya og er nærare omtalte i Innstillingar for utvalsverktøy. Berre innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her. |
Alle desse innstillingane verkar på same måten som omtalt under tryllestaven. Sjå Del 2.6.4, «Innstillingar».