13. Forval

Dersom du ofte brukar verktøy med bestemte innstillingar, er forval noko for deg. Du kan lagra desse innstillingane og henta dei fram igjen når du treng dei. Du kan gje kvart forval sitt eige namn slik at det er lett å henta det fram når du treng det.

Fire knappar nedst i alle dialogvindauga med verktøyinnstillingar gjer at du kan lagra, lasta på nytt, sletta og tilbakestilla verktøyforvala.

Du finn eit oversyne over alle tilgjengelege verktøyforvala i dialogvindauget for verktøyforvala. Her kan du velja og oppdatera forvala.