7.2. Dialogvindauget for verktøyforvala

Dialogvindauget for verktøyforvala viser alle lagra forval. Klikkar du på eitt av forvala, vert det gjeldande verktøyet ona med dei lagra forvala.

Figur 15.105. Dialogvindauget for verktøyforvala

Dialogvindauget for verktøyforvala

7.2.1. Slå på dette dialogvindauget

Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

Du har tilgang til denne menyen

  • frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelVerktøyforval,

  • frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge som kan limast inn ved å klikka på fana og velja Legg til faneVerktøyforval.

7.2.2. Bruka dialogvindauget for verktøyforvala

Dette dialogvindauget kjem med ei liste over førehandsdefinerte forval. Kvar av dei har eit namn og eit ikon som viser kva verktøy dei høyrer til.

Forvala kan verta tagga slik at du kan arrangera visinga av forvala slik du ønskjer. Sjå Del 3.7, «Tagging» for meir informasjon om tagging.

Dobbeltklikk på ikonet for forvalet for å opna vindauget for å redigera forvalet.

Dobbeltklikk på eit namn for å redigere det.

Nedst i dialogvindauget har desse funksjonane:

  • Rediger forvalet for dette verktøyet: Når du trykker på denne knappen kjem det opp eit vindauge der du kan redigere forvala for det gjeldande verktøyet. Redigeringa for verktøyforvala er omtalt i Del 7.3, «Redigering av verktøyforvala».

  • Lag eit nytt verktøyforval: Før du trykkjer på denne knappen, må du anten merkja eit forval som er i bruk eller velja eit verktøy i verktøykassa, for eksempel helbredverktøyet som ikkje finst i dei førehandsinnstilte forvala. Det vert då laga eit nytt forval øvst i forvalvindauget og vindauget for å redigera forvalet vert opna. Sjå Del 7.3, «Redigering av verktøyforvala».

  • Lagra dei gjeldande verktøyinnstillingane til dette forvalet: Dette lagrar dei gjeldande verktøyinnstillingane til det valde forvalet.

  • Tilbakestill dette forvalet: dette set innstillingane for forvalet tilbake til dei lagra innstillingane.

  • Slett forvala for dette verktøyet. Slettar det gjeldande forvalet. Denne knappen er slått av for forvala som kom saman med GIMP.

  • Oppdater verktøyforvala. Dersom du har lagt inn eit forval manuelt i mappa Tool Presets sett opp i Folders Preferences må du klikka på denne knappen for å visa forvalet i lista.

7.2.3. Sprettoppmenyen for redigeringa av verktøyforvala

Høgreklikk i forvalsvindauget for å få opp ein sprettoppmeny med ein del av dei same kommandoane som er omtalte for knappane: Rediger verktøyforvalet, nye Verktøyforval, lagra verktøyforvala og oppdater verktøyforvala. Det er også nokre andre kommandoar:

Dupliser verktøyforvalet

Dupliser verktøyforvalet. Dette valet vil alltid vera gråa ut. Det er unødvendig fordi, slik som du kan sjå ovanfor, det alltid vert laga ein kopi av eit forval når du lagar eit nytt forval frå eit som finst frå før.

Kopier plasseringa av verktøyforvalet

Kopier forvalsadressa. Kopierer stien til fila med forvala inn i utklippstavla.

Vis i filhandsamaren

Vis i filhandsamaren opnar plasseringa av verktøyforvalet i standard fillesar brukt i systemet.