Denne innføringa er baserte på ein tekst av Copyright © 2004 Carol Spears. Originalane finn du på Internett på [TUT02].
GIMP er eit stort biletredigeringsprogram med utruleg mange verktøy og funksjonar. Likevel er GIMP også veleigna for mindre oppgåver. Innføringane i dette kapitlet er meint for deg som har behov for å utføra mindre endringar i eit bilete utan å måtta studera datagrafikk eller å setja deg inn i alle GIMP sine finessar.
Sjølvsagt håpar vi at desse innføringane ikkje berre vil vera til hjelp for å løysa den aktuelle oppgåva, men kanskje også å inspirera deg til å ta i bruk nokre av dei meir avanserte metodane og verktøya seinare eingong når du får tid og inspirasjon til det.
Opna eit bilete via
→ på biletvindauget.