3. Å angre

Nesten alt du gjer i GIMP kan gjerast om igjen. Du kan angra det siste du gjorde ved å gå inn på RedigerAngra i biletmenyen. Brukar du denne funksjonen ofte, vil det løne seg å læra snartastane for å angra: Ctrl+Z.

Du kan faktisk også angra angringane. Har du angra ein operasjon, og oppdagar at operasjonen likevel var betre før du angra, kan du finna fram RedigerGjenta i biletmenyen. Sidan du truleg vil bruka også denne funksjonen nokså mykje, vil det forenkla arbeidet dersom du lærer deg snartastkombinasjonen Ctrl+Y, som gjer det same. Ofte kan det vera nyttig å kunna kontrollera effekten av endringar ved å klikka att og fram mellom Angre og Gjenta. Dette vil til vanleg kunne gjerast nokså raskt, og legg ikkje beslag på maskinressursar. Heller ikkje endrar det angreloggen, så det er heilt ufarleg.

[Obs] Obs

Dersom du angrar ei eller fleire endringar og deretter arbeider på biletet på ein eller annan måte, unntatt angre og gjenta, vil det ikkje vere mogleg å angre desse operasjonane. Dei er borte for alle tider. Dersom dette skaper problem for deg, er løysinga å lage ein kopi av biletet og arbeida på denne kopien i staden for på originalen. Ikkje nokon dum idé i alle tilfelle. (Berre hugs at loggen for angra/gjenta ikkje vert kopiert når du kopierer eit bilete).

Har du stendig bruk for Angre og Gjenta, kan det vere enklare å arbeida med Angreloggen, ein dialog som viser ein kort omtale av kvart punkt i angreloggen. Du kan hente fram det aktuelle biletet ved å klikka på ønskt punkt i loggen.

Angreloggen er ein del av det aktuelle biletet, og går inn som ein av biletkomponentane. Difor set GIMP av minneplass for kvart bilete til denne funksjonen. Du kan bestemma kor mykje plass GIMP skal bruke på denne funksjonen ved å gå inn på Systeminnstillingar i brukarinnstillingane. Her finn du to viktige variablar, Minimum angrenivå som GIMP vil bruke, same kor mykje minne dei brukar, og Maksimalt angreminne. Dersom GIMP får behov for å bruke meir angreminne enn det som er tilgjengeleg, vert dei eldste punkta i angreloggen strokne.

[Notat] Notat

Når du lagrar eit bilete i GIMP sitt eige XCF-format, vert svært mange opplysningar om biletet lagra, men ikkje angreloggen. Når du opnar eit bilete på nytt, vil angreloggen alltid vere blank.

Måten GIMP bruker Angre på, er faktisk nokså sofistikert. Nokre operasjonar krev svært lite minneplass i angreloggen, for eksempel om eit lag er synleg eller ikkje. Difor kan du utføra mange slike før minnet er fullt. Andre operasjonar vert komprimerte, slik at sjølv om du utførar dei fleire gonger, vil dei berre ta opp ein plass i angreloggen. Andre operasjonar krev store mengder minne. Dei fleste filtra er døme på dette. Sidan desse som oftast ligg i programtillegg, har GIMP ingen kontroll med kva som eigentleg er endra, og må difor legge heile laget i angreminnet. Ikkje nok med det, men både den uendra og den endra versjonen må lagrast. Dermed kan det hende at du berre får høve til å gjere nokre få slike operasjonar før dei droppar ut av angreloggen dersom minnet ikkje er stort nok.

3.1. Ting du ikkje kan angra

Dei fleste handlingane som gjer endringar i biletet kan angrast. Handlingar som ikkje endrar biletet kan til vanleg ikkje angrast. Eksempla inkluderer også å lagra biletet til ei fil, duplisera biletet, kopiera delar av biletet til utklippstavla osv. Dei inkluderer også dei fleste handlingane som påverkar biletvisinga utan å endra dei underliggjande biletdataa. Det viktigaste eksempelet er forstørring. Det finst likevel unnatak: å slå snarmaska på eller av kan angrast, sjølv om det ikkje endrar biletdataa.

Dei få, men viktige, unnataka som ikkje kan angrast, sjølv om dei gjer endringar i biletet er:

Å lukke vindauget

Angreloggen er ein av biletkomponentane, så når biletet vert lukka og alle resursane vert frigjorte, er også angreloggen borte. Difor spør GIMP alltid om du verkeleg vil lukke biletet, dersom det ikkje er lagra etter siste endringa.

Tilbakestill biletet

Med menyvalet «Tilbakestill biletet» vert biletet lasta inn på nytt, dvs. at det biletet du arbeider med vert sletta og erstatta med den sist lagra utgåva av biletet. GIMP gjer dette ved å lukke det opne biletet og kreere eit nytt. Dermed går angreloggen tapt. Du får difor alltid spørsmål om du verkeleg ønskjer å henta tilbake biletet.

Handlingsdelar

Nokre av verktøya kan innehalde lange seriar med manipulasjonar, men berre det endelege resultatet vert registrert i angreloggen, ikkje dei einskilte stega. Den intelligente saksa krev at du merkar av ein del punkt på biletet og deretter klikkar innføre området for å laga eit utval. Det er ikkje råd å angra kvart einskild punkt. Klikkar du på Angra etter at du er ferdig med saksa, fører dette deg tilbake til biletet slik det var før du byrja å markera punkta. Arbeider du med tekst, kan du ikkje angra einskilde bokstavar. Angra vil ta bort heile det nye tekstlaget.

Filter og andre aktivitetar som vert utførte av programtillegg eller skript, kan angrast nett slik du gjer med handlingar i GIMP sine eigne effektar. Dette krev at programtillegga brukar GIMP sine angrefunksjonar. Er programkoden feil, kan eit programtillegg øydeleggja angreloggen slik at det vert umogleg å angra også alle tidlegare handlingar. Programtillegga og skripta som følgjer med GIMP, bør vera til å stola på i så måte, men dette kan ein naturlegvis ikkje garantera for i programtillegg frå andre kjelder. Sjølv om programma er koda korrekt, vil det alltid vere ein fare for å øydeleggja angreloggen viss programmet vert avbrote. Du bør i alle fall ha svært sterke grunnar for å avbryte eit program medan det er i arbeid.