5. Teikna rette linjer

Denne innføringa er basert på tekst og bilete av Copyright © 2002 Seth Burgess. Du kan finna originalen på Internett [TUT01].

5.1. Føremål

Figur 3.35. Eksempel på teikning av rette linjer

Eksempel på teikning av rette linjer

Denne innføringa viser korleis du kan teikna rette linjer med GIMP. Metoden som er vist her er uavhengig av kor nøyaktig teiknebrettet eller musa arbeider, men brukar i staden den reknekrafta som datamaskinen er utstyrt med for å laga figurar som ser både fine ut og samstundes er ordentlege. Meininga er ikkje å teikna komplekse figurar, men ein rask og enkel måte for å teikna rette linjer.

  1. Førearbeid

    Figur 3.36. Indrodusering av Shift-tasten

    Indrodusering av Shift-tasten
    Indrodusering av Shift-tasten

    Normalt har du to Shift-tastar på tastaturet. Dei ser nokolunde ut slik som på biletet ovanfor. Du finn dei på venstre og høgre sida av tastaturet.

    Datamus finst i mange variantar, men dei har alle minst to knappar.

  2. Laga eit nytt bilete

    Først, lag eit nytt bilete. Kva storleik som helst. Bruk FilNy(tt)… for å laga biletet.

  3. Vel eit verktøy

    Figur 3.37. Teikneverktøya i verktøykassa

    Teikneverktøya i verktøykassa

    Alle verktøya i det avmerka feltet på biletet ovanfor kan teikna strekar.

  4. Sett av eit startpunkt

    Figur 3.38. Startpunkt

    Startpunkt

    Trykk på penselen i verktøykassa. Klikk på biletet der du vil at linja skal byrja eller slutta. Det kjem då fram ein enkel prikk på skjermen. Storleiken på prikken vert bestemt av penselen. Denne storleiken kan du endra i dialogvindauget for penselen (sjå Del 3.2, «Dialogvindauget for penslar»). No kan vi byrja å teikna linja. Hald nede Shift-tasten.

  5. Teikna linja

    Figur 3.39. Teikna linja

    Teikna linja

    Etter at du har markert startpunktet, og framleis held nede Shift-tasten, kan du sjå ei rett linje som følgjer markøren. Trykk og slepp museknappen (som oftast den venstre). Heile tida medan du brukar museknappen må du også halda nede Shift-tasten.

  6. Det endelege resultatet

    Figur 3.40. Det endelege resultatet

    Det endelege resultatet

    Dette er ein kraftig funksjon. Du kan teikna rette linjer med alle teikneverktøya. Du kan også teikna fleire linjer ved slutten av denne linja. Det siste steget er å sleppa opp Shift-tasten og vi er ferdige. I neste avsnitt vert det vist nokre fleire eksempel. God GIMP-ing!