Kapittel 1. Innleiing

Innhald

1. Velkommen til GIMP
1.1. Utviklarane
1.2. Hjelpsystemet i GIMP
1.3. Eigenskapar og bruksområde
2. Kva som er nytt i GIMP

1. Velkommen til GIMP

GIMP er eit program for å laga og redigera bilete av alle slag på alle plattformer. Namnet GIMP står for «GNU Image Manipulation Program». Altså eit biletbehandlingsprogram som følgjer GNU-reglane for fri distribusjon.

GIMP har mange funksjonar. Programmet kan nyttast som eit enkelt teikneprogram, fotoretusjeringsprogram med ekspertkvalitet, eit verktøy for å laga digital kunst, eit batchhandsamingssystem på Internett, ein masseproduksjonsbiletgjengjeving, konvertering av biletformat og mykje meir.

GIMP kan lett utvidast med programtillegg («plug-ins») og andre utvidingar du måtte ha behov for. Du kan også laga eigne skript ved hjelp av det innebygde skriptprogrammet. Desse skripta kan du bruka for å gjere alt, frå heilt enkle til svært kompliserte oppgåver.

Ein av dei verkeleg store fordelane med GIMP, er at det er fritt tilgjengeleg frå mange stader og for mange operativsystem. Dei fleste distribusjonane av GNU/Linux har GIMP med som standard. GIMP er også tilgjengeleg for andre operativsystem som t.d. Microsoft Windows™ og Apple's Mac OS X™ (Darwin). GIMP er eit gratisprogram under «General Public License» (GPL) versjon 3[GPL] som gjev brukarane fri tilgang til kjeldekodene for dataprogramma, og løyve til å gjere endringar i desse.

1.1. Utviklarane

Den første utgåva av GIMP vart skriven av Peter Mattis og Spencer Kimball. Etter kvart kom det til fleire, og i dag er det tusenvis som driv med utvikling, støtte og testing. GIMP-teamet, som styrer dette arbeidet, vert for tida leia av Jehan Pagès og Mitch Natterer og andre medlemmer av GIMP-teamet.

1.2. Hjelpsystemet i GIMP

«GIMP Documentation Team» og ein del andre har laga dokumentasjonen som er til hjelp for å bruka GIMP. Eit viktig resultatet av dette arbeidet er denne brukarhandboka. Du kan finna den nyaste, frigjevne utgåva av handboka i html-format på nettsida [GIMP-DOCS] til dokumentasjonsteamet. Handboka kan også brukast som menyhjelp dersom du installerer ho slik. Du kan då få hjelp medan du arbeider med GIMP ved å trykkja på F1. Treng du hjelp til spesielle delar av menyen, kan du trykkja F1 medan du held musepeikaren over aktuelt emne. Vil du reise vidare inn i GIMP, er det berre å lesa vidare i handboka.

1.3. Eigenskapar og bruksområde

Her er ei kort liste over nokre av dei viktigaste eigenskapane til GIMP og kva programmet kan brukast til:

  • Ei stor samling av teiknereiskap, inkludert pensel, blyant, luftpensel, kloning osv.

  • Flisbasert minnehandsaming som gjer at storleiken på biletet berre er avgrensa av tilgjengeleg diskplass.

  • Interpolerte overgangar for alle teikneverktøya gjev høgkvalitets kantutjamning.

  • Full støtte for alfa-kanal for å arbeida med gjennomsikt.

  • Lag og kanalar.

  • Ein database over interne GIMP-funksjonar slik at du kan kalla desse opp frå eksterne program som t.d. Script-Fu.

  • Avanserte skriptfunksjonar.

  • Angra-/gjenta-funksjonane er berre avgrensa av diskplassen.

  • Transformeringsverktøy, inklusive rotering, skalering, klipping og spegelvending.

  • Har støtte for mange filformat, som t.d. GIF, JPEG, PNG, XPM, TIFF, TGA, MPEG, PS, PDF, PCX, BMP og mange andre.

  • Utvalsverktøy, inkludert rektangelutval, ellipseutval, frihandsutval, tryllestav, bezier og intelligent saks.

  • Bruken av programtillegg gjer det lett å leggje til m.a. nye filformat og nye effektfilter.