2.4. Lagmodusdane kontrast

«Kontrast»-gruppa inneheld lagmodus som forbetrar kontrasten.

Legg over

Figur 8.25. Eksempel på lagmodus «legg over»

Eksempel på lagmodus «legg over»

Topplaget med 100 % dekkevne og «Legg over»-modus.


I modus Legg over vert det øvre laget multiplisert to gongar med det nedre laget når komponentverdien til det nedre laget er mindre enn 0,5. Når komponentverdien er større enn eller lik 0,5, vert komponentane i det nedre og øvre laget inverterte og desse verdiane vert multipliserte med kvarandre og deretter multiplisertye med 2,0 før resultatet vert invertert. Biletet vert mørkare, men ikkje så mykje som i «Multipliser»-modus.

Mjukt lys

Figur 8.26. Eksempel på lagmodus «mjukt lys»

Eksempel på lagmodus «mjukt lys»

Topplaget med 100 % dekkevne og «Mjukt lys»-modus.


Modus Mjukt lys har ingenting med «Hardt lys» å gjere anna enn namnelikskapen. Har ein tendens til å gjera kantane mjukare og å fargane mindre klåre. Liknar på modus «Legg over», men Mjukt lys har ein meir komplisert formel. Den brukar resultatet av Multipliser-modus, og multipliserer det med inversen av det nedre laget og legg deretter til multiplikasjonen av resultatet av Skjerm-modus med det nedre laget.

Hardt lys

Figur 8.27. Eksempel på lagmodus «hardt lys»

Eksempel på lagmodus «hardt lys»

Topplaget med 100 % dekkevne og «hardt lys»-modus.


Modus Hardt lys er ganske komplisert fordi likninga er sett saman av to delar, ein for mørke fargar og ein for lyse fargar. Dersom fargekomponenten i det øvre laget er større enn 0,5, vert inversen av det nedre laget multiplisert med inversen av det øvre laget minus 0,5 multiplisert med 2,0. Deretter vert resultatet av dette samanlikna med inversen av dette resultatet og den lågaste verdien av begge vert brukt. Dersom fargekomponenten til det øvre laget er mindre enn eller lik 0,5, vert det nedre laget multiplisert med 2 gongar det øvre laget. Resultatet vert samanlikna med 1,0 og den nedre verdien av det vert brukt. Du kan bruka denne modusen til å kombinera to fotografi og få lyse fargar og skarpe kantar.

Skarpt lys

Figur 8.28. Eksempel på lagmodus «skarpt lys»

Eksempel på lagmodus «skarpt lys»

Topplaget med 100 % dekkevne med «Skarpt lys»-modus.


Skarpt lys-modus aukar kontrasten veldig sterkt, spesielt i høglys og skuggar. Effekten er ein kombinasjon av etterbelysing (i skuggane) og avskugging (i høglysa), bortsett frå doblinga i nemnarane. Denne modusen er også sett saman av to delar avhengig av fargekomponentverdien, der 0,5 er grensa, den same som med hardt lys. Viss verdien for det øvre laget er mindre enn eller lik 0,5 vert inversen av det nedre laget dividert med 2 gongar det øvre laget og resultatet vert inverter. Viss resultatet er mindre enn null, vert null returnert. Viss verdien for det øvre laget er større enn 0,5 vert det nedre laget dividert med to gongar inversen av det øvre laget. Viss resultatet er større enn 1,0, vert 1,0 returnert.

Punktlys

Figur 8.29. Eksempel på lagmodus «punktlys»

Eksempel på lagmodus «punktlys»

Topplaget med 100 % dekkevne med «Punktlys»-modus.


Punktlys-modus er ein kombinasjon av modusane «gjer mørkare» og «gjer lysare». Mellomtoneområda vert nesten ikkje påverka. Viss komponentverdien til det øvre laget er større enn 0,5: trekk 0,5 frå det øvre laget og multipliser med 2,0. Då er resultatet maksimum av denne verdien og verdien av det nedre laget. Viss komponentverdien er mindre enn eller lik 0,5 vert minimumsverdien for det nedre laget og to gongar det øvre laget brukt.

Lineært lys

Figur 8.30. Eksempel på lagmodus «lineært lys»

Eksempel på lagmodus «lineært lys»

Topplaget med 100 % dekkevne og «Lineært lys»-modus.


Lineært lys-modusen aukar kontrasten lite grann mindre enn «skarpt lys». Han liknar på «etterbelys», men med dobbelt så stor verknad på dei totale verdiane i forgrunnen. Viss komponentverdien er mindre enn eller lik 0,5 vert resultatet det nedre laget pluss to gongar det øvre laget minus 1,0. Viss komponentverdien er større enn 0,5 vert 0,5 trekt frå det øvre laget og gonga med 2,0 og så lagt til det nedre laget.

Hard miks

Figur 8.31. Eksempel på lagmodus «hard miks»

Eksempel på lagmodus «hard miks»

Topplaget med 100 % dekkevne og «Hard miks»-modus.


Hard miks-modus inneheld verre dei seks primærfargane og svart og kvitte. Øvre og nedre lagkomponent vert lagt saman. Alle komponentar som er større eller lik 1,0 vert sette til 1. Alt anna vert sett til 0.