2.3. Lagmodus «gjer mørkare»

Gruppa «Gjer mørkare» inneheld lagmodus som gjer resultatet mørkare.

Gjer berre mørkare

Figur 8.20. Eksempel på lagmodus «gjer berre mørkare»

Eksempel på lagmodus «gjer berre mørkare»

Topplaget med 100 % dekkevne og «Gjer berre mørkare»-modus.


I modus Gjer berre mørkare vert kvar komponent i kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande komponentar i det nedre laget. Den minste verdien i kvar samanlikning vert brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga kvit, vil det nye biletet vere identisk med det andre laget. Er det eine laget svart, vert resultatet naturleg nok svart.

Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Luma/Luminans gjer berre mørkare

Figur 8.21. Eksempel på lagmodus «Luma/luminans gjer berre mørkare»

Eksempel på lagmodus «Luma/luminans gjer berre mørkare»

Topplaget med 100 % dekkevne ved bruk av «Luma/Luminans gjer berre mørkare»-modus.


I modus Luma/luminans Gjer berre mørkare vert luminansen til kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande pikslar i det nedre laget. Den minste verdien i kvar samanlikning vert brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga kvit, vil det nye biletet vera identisk med det andre laget. Er det eine laget svart, vert resultatet naturleg nok svart. Luma er den perseptuelle versjonen av Luminans.

Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i (unnateke for gjennomsiktige område i det nedste laget).

Multipliser

Figur 8.22. Eksempel på lagmodus «multipliser»

Eksempel på lagmodus «multipliser»

Topplaget med 100 % dekkevne og «multipliser»-modus.


I Multipliser-modus vert pikselverdiane i det øvre laget multipliserte med verdien av pikslane i laget under. Gjev som oftast eit mørkare bilete. Dersom det eine laget er einsfarga kvit, vert resultatet det same som det andre laget. Er eitt av laga einsfarga svart, vert resultatet svart.

Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i (unnateke for gjennomsiktige område i det nedste laget).

Etterbelys

Figur 8.23. Eksempel på lagmodus «etterbelys»

Eksempel på lagmodus «etterbelys»

Topplaget med 100% dekkevne og «Etterbelys»-modus.


I modus Etterbelys vert pikselverdiane i det nedre laget inverterte og deretter dividert med verdiane i det øvre laget før resultatet vert invertert. Modusen har ein tendens til å gjera bileta mørkare, nokså nær det same som modus «Multipliser».

Også Etterbelys er ein fotografisk teknikk frå mørkerommet, og går ut på å eksponera deler av biletet litt ekstra. Dette kan få fram fleire detaljar i høglysområda. I GIMP får du denne effekten best fram når du nyttar teikneverktøya på gråskalabilete.

Lineær etterbelysing

Figur 8.24. Eksempel på lagmodus «Lineær etterbelysing»

Eksempel på lagmodus «Lineær etterbelysing»

Topplaget med 100 % dekkevne med «Lineær etterbelysing»-modus.


I modus Lineær etterbelysing vert pikselverdiane i det øvre og nedre laget lagt saman og deretter vert 1,0 subtrahert frå verdien. Modusen har ein tendens til å gjera biletet mørkare, nokså nær det same som modus «Multipliser».