Denne kommandoen set saman eit bilete frå fleire gråskalabilete eller lag, som t.d. kan vera ekstrahert frå komponentane RGB, HSV osv. Du kan også byggja opp eit bilete frå gråtonebilete eller -lag oppretta kvar for seg.
Du har tilgang til menyvalet frå hovudmenyen via
→ → . Det er tilgjegeleg viss biletet er i gråtoner.Her bestemmer du kva fargemodell (RGB, HSV osv.) som skal brukast. Du finn nærare forklaringar under kommandoen Separer.
Her kan du velja kva for lag eller bilete som skal brukast for kvar kanal. Du kan bruka dette valet til for eksempel å byta rundt på fargekanalane:
Maskeverdi: I staden for å velja eit lag eller eit bilete som kjelde for kanalen, kan du gje kanalen ein verdi frå 0 til 255. Men legg merkje til at minst ein av kanalane må lagast ut frå eit lag eller eit bilete.