Flammefilteret lagar merkverdige, tilfeldige fraktalmønster. Du har ikkje same kontrollen med dette filteret som du har med filteret IFS-fraktal, men så er det enklare å bruka. Du kan styra slumpgeneratoren og velja mellom fleire ulike tema.
Åtvaring | |
---|---|
Uheldigvis verkar dette filteret ikkje på store bilete. Utviklaren er diverrre ikkje med oss lenger, så det ser ikkje ut til at det er noko rask løysing i sikte. |
Notat | |
---|---|
Dette programtillegget vart gjeve til GIMP i 1997 av Scott Draves, som har opphavsrett til filteret. Du kan finna ein omtale av programtillegget, godkjent av han, på [PLUGIN-FLAMES]. |
I hovuddialogvindauget kan du gje parameterar for Teikning og Kamera. Dei tre første parameterane i teikne-fana er Lysstyrke, Kontrast og Gamma. Resultatet av desse alternativa er synlege i vindauget for førehandsvising. Som oftast er det betre å halda seg til standardverdiane og korrigera biletet seinare med verktøy i menyen Fargar.
Dei andre tre parameterane påverkar teikneprosessen, og vert ikkje viste i førehandsvisinga. Den viktigaste av desse er punkttettleik, som kontrollerar oppløysinga i det teikna mønsteret. Ved hjelp av kameraparameterane kan du forstørra og forskyva flammemønsteret til du er nøgd med det du ser i førehandsvisinga. Du kan også lagra og henta fram vellukka flammemønster.
Trykk på denne knappen for å få opp redigeringsvindauget:
Dialogvindauget viser ni ulike vindauge. Mønsteret som vert vist i midten er det gjeldande mønsteret og dei åtte vindauga rundt det er tilfeldige variasjonar av det mønsteret. Ved å klikka på biletet i midten, vert det oppretta åte nye variantar, som kan justerast med fartskontrollen. Du vel ein variant ved å klikka på han. Denne varianten vert straks sett inn i midten. For å velja eit bestemt teikn eller tema for variantane, kan du velja mellom ni ulike tema i menyen Variasjonar. Du kan også bruka , som byter ut gjeldande mønster med eit nytt tilfeldig mønster.
Trykk på denne knappen for å hente inn tidlegare lagra innstillingar for dette filteret.
Trykk på denne knappen for å lagre den gjeldande innstillinga for dette filteret.
Teikning
Med denne glidebrytaren bestemmer du kor mørkt (0,0) eller lyst (5,0) mønsteret skal vere.
Med denne glidebrytaren bestemmer du kontrasten i mønsteret. Skala 0,0 til 5,0.
Med denne glidebrytaren bestemmer du gammaverdien (ein fargekorreksjon i mellomtonene) i mønsteret. Skala 1,0 til 5,0.
Denne glidebrytaren kontrollerar oppløysinga i mønsteret. Verknaden er ikkje synleg i førehandsvisinga. Ein høg verdi resulterer i ei mjuk, edderkoppnettliknande teikning, medan ein låg verdi gjer at teikninga minner meir om maling med sprayboks eller partikkelskyer.
Kva gjer denne?
Kva gjer denne?
I denne menyen kan du velja mellom ulike måtar å fargeleggja flammemønsteret:
Den fargeovergangen som er vist i verktøykassa.
Ein del ferdigdefinerte fargekart.
Fargane frå bilete som er opne i GIMP.
Kamera
Denne glidebrytaren vert brukt for å forstørra eller forminska flammemønsteret.
Vert brukte for å flytta flammemønsteret rundt om i biletet.