14.4. IFS-Fraktal

14.4.1. Oversyn

Figur 17.317. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «IFS-fraktal»


Også dette filteret er fraktal-basert, og er berre nydeleg. Med dette allsidige filteret kan du lage utruleg naturalistiske organiske figurar, frå enkle blader via blomster og greiner til heile tre. («IFS» står for det engelske «Iterated Function System» som betyr noko slikt som «Repeterande funksjonssystem».)

The key to using this plug-in lies in making very small and precise movements in fractal space. The outcome is always hard to predict, and you have to be extremely careful when you change the pattern. If you make a component triangle too big, or if you move it too far (even ever so slightly), the preview screen will black out, or more commonly, you'll get stuck with a big shapeless particle cloud.

Eit lite råd: Når du har funne eit mønster som du vil arbeide vidare på, gjer berre svært små forandringar ved kvart forsøk og hald deg til variasjonar over dette mønsteret. Det er så altfor lett å miste eit godt mønster. I motsetnad til det du kanskje trur, så er det lettare å lage eit blad på eit tre enn ein på førehand definert geometrisk figur med dette filteret.

For ein nærare gjennomgang av IFS, sjå Foley og van Dam, et al,. Computer Graphics, Principles and Practice[FOLEY01].

14.4.2. Activating the Filter

This filter is found in the main menu under FiltersRenderFractalsIFS Fractal….

14.4.3. Innstillingar

Figur 17.318. Innstillingane for filteret «IFS-fraktal»

Innstillingane for filteret «IFS-fraktal»

Dialogvindauget for dette filteret er sett saman av eit komponeringsområde oppe til venstre, ei førehandsvising oppe til høgre og eit område med innstillingar og knapper nedst i vindauget. Trykker du knappen Nullstill, vil filteret vise tre likesida trekantar som er grunnlaget for eit fraktalmønster som vert kalla Sierpinski-triangelet.

Funksjonsliste

Klikk i menylinja, eller høgreklikk på arbeidsområdet, for å velje mellom dei følgjande verktøya.

Flytt, Rotér/skalér, Strekk

Vel ved hjelp av musepeikaren.

Ny, Slett

Legg til eller fjern fraktalar

Angre, Gjenta

Standard

Vel alt

Lenker fraktalane saman slik at du kan arbeide på alle samstundes.

Sentrér

Rekna ut sentrum for fraktalen på nytt. Dette har ingen synlege effektar på den ferdige fraktalen.

Teikneinnstillingar
Maks minne

Enables you to speed up rendering time. This is especially useful when working with a large spot radius; just remember to use even multiples of the default value: 4096, 8192, 16384, …

Iterasjonar

Dette talet bestemmer kor mange gonger fraktalen skal gjenta seg sjølv. Dersom du ikkje arbeider med svært store bilete, er det sløsing med prosesstid å bruke store tal på denne funksjonen.

Vidaredeling

Dette talet styrer kor detaljrik fraktalen skal verta . Dersom du ikkje arbeider med svært store bilete, er det også her sløsing med prosesstid å bruke store tal på denne funksjonen.

Punktradius

Du kan sjå på dette som eit tal for tettleiken til «penselstroka». Bruk ein liten radius for partikkelskyer eller spray, medan ein større radius vil gi meir akvarelliknande strok. Stor radius kan gi irriterande lang prosesstid.

Dette området viser ulike data for fraktalen. Du kan også skrive direkte i rutene i staden for å bruke den nokså unøyaktige musepeikaren. Dei tilgjengelege innstillingane er X, Y, Skalering, Vinkel, Asymmetri og Forskyv.

X, Y, Skalering, Vinkel, Forskyv

Flytt, skaler eller forskyv den aktive fraktalen.

Asymmetri

Strekk den aktive fraktalen.

Spegelvend

Spegelvend den aktive fraktalen.

Fargetransformasjon

Enkel

Her bestemmer du fargen for den aktive fraktalkomponenten. Fargen vil byrje med den aktive forgrunnsfargen i verktøykassa og ende opp med den fargen du har vald her.

Heile

Som den enkle fargeomfprminga, men her kan du bestemme fargeovergangen for alle tre fargekanalane og for alfakanalen (vist som svart).

Skaler kulør med, Skaler lysverdi med

Når du har mange fraktalar med ulike fargar, vil fargane gli over i kvarandre. Enda om du set fargen for ein fraktal til «rein raud», kan han likevel vere nokså blå somme stader. Ein annan «raud» fraktal kan verta nokså gul. Desse glidebrytarane styrer fargestyrken for den aktive fraktalen, og såleis kor mykje desse fargane skal påverka andre fraktalfargar.

Andre

Relativ slump

Denne glidebrytaren styrer kor mykje den aktive fraktalen kan påverka dei andre fraktalane.

14.4.4. Eit kortkurs

Dette filteret er nokså komplekst, så kanskje dette lille kurset vil vere til hjelp. Eksemplet viser korleis filteret kan brukast for å lage eit bregneliknande blad.

Mange organiske former, spesielt planter, er sett saman på ein måte som kan likne på eit matematisk fraktalmønster, dvs. ei form som reproduserer seg sjølv (i teorien) uendeleg inntil den minste detaljen. Du kan relativt lett komponera forma på eit blad ved hjelp av fire fraktalar ved å bruke tre fraktalar for å lage sidene og spissen på bladet og den fjerde for å lage stilken.

  1. Før du aktiverer filteret, lager du eit nytt bilete: FilNytt bilete Legg til eit gjennomsiktig lag med LagNytt lag der du vel fylltype gjennomsikt. Sett forgrunnsfargen i verktøykassa til svart og bakgrunnsfargen til kvit.

  2. Opna IFS-fraktal og roter det høgre og det nedre triangelet slik at spissane peikar oppover. Nå bør du kunne sjå omrisset av det som skal verta spissen og sidene i bladet. Har du problem, kan det kanskje vere til hjelp å hugse på at det er ikkje likegyldig kva side i trianglet som vender nedover.

    Figur 17.319. Steg 2

    Steg 2

    Start med å rotere triangel 2 og 3, mest mogleg utan å endra storleik.


  3. For å gjere bladet symmetrisk, kan du setje triangel 3 slik at det peikar litegrann mor venstre, og la triangel 2 peike litegrann til høgre.

  4. Trykk knappen Ny for å legge eit nytt triangel til fraktalen. Sidan dette vert stilken i bladet, må vi gjere denne lang og tynn. Dette gjer du ved å trykke knappen Strekk og deretter dra ut trekanten med musepeikaren. Ikkje bry deg om at dette roter til biletet, det kan du rette opp igjen ved å gå ned på boksen Skalering og redusera trekanten til biletet igjen ser normalt ut. Truleg må du også flytte og rotere trekant 4 for å finne den rette plassen for stilkane.

    Figur 17.320. Steg 3

    Steg 3

    Legg til ein fjerde komponent og strekk, flytt og skalér denne som vist.


  5. Truleg må du justere litt for at bladet skal likne på eit blad. Her må du berre prøve deg fram og justere alle fraktalane til resultatet vert i nærleiken av eit naturleg blad. Har du behov for å flytte eller gjere endringar på heile bladet, trykker du på knappen Vel alle, eller høgreklikkar og vel frå menyen som dukkar opp.

    Figur 17.321. Steg 4

    Steg 4

    Forstørr trekant 1, arranger dei andre komponentane etter behov, marker alle og skaler og roter.


  6. Det siste steget går ut på å fargelegge fraktalane. Klikk på fanen Fargetransformasjon og vel ulike fargar for kvar fraktal. Dette gjer du ved å aktivere Enkel og velje farge ved å trykke på fargeruta til høgre for merkelappen. Dette gjer du for alle fire komponentane i fraktalen.

    Figur 17.322. Steg 5

    Steg 5

    Her har komponent 4 fått ein brunfarge medan dei andre komponentane har fått ulike grader av grønt.


  7. Trykk på knappen OK og nyt resultatet. Du har laga eit perfekt bilete av eit blad. Nå er det berre å eksperimentera vidare. Alle fraktalar som skal imitere ulike former for bladverk, er sett saman omlag som denne øvinga. Altså med lauv rundt ein stilk eller ei eller fleire bladnerver. Treng du meir bladverk, er det berre å legge til fleire komponentar. Lykke til.