8.48. Retinex

8.48.1. Oversyn

Figur 16.219. Eksempel på bruk av retinex

Eksempel på bruk av retinex

Originalbiletet

Eksempel på bruk av retinex

Retinexfilteret brukt. Legg merke til dei nye detaljane i det øvre, høgre hjørnet.


Dette filteret forbetrar den visuelle framstillinga av eit bilete tatt under dårlege lystilhøve. Menneskeauget kan tilpassa seg og oppfatta fargar nokså korrekt sjølv i lite lys. Digitale kamera er derimot dårlege på dette. Difor er det utvikla ein del matematisk algoritmer som prøver å forbetra resultata frå kamera. Ein av desse er MSRCR (MultiScale Retinex with Color Restoration) som er inspirert av, og prøver å etterlikna, dei biologiske prosessane i auget. Ordet «retinex» er sett saman av «retina» (netthinne) + «cortex» ((hjerne)hinne).

Utanom i digitale foto vert Retinex-algoritmen også nytta for å gjera informasjonen i astronomiske bilete og satellittbilete meir synleg og til å forbetra strukturen i røntgenbilete og medisinske skanningar.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar berre på RGB-bilete. Viss biletet er i gråtone eller er indeksert, er denne menyoppføringa slått av.

8.48.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen under FargarTonetilordningRetinex….

8.48.3. Innstillingar

Figur 16.220. Innstillingane for retinex-filteret

Innstillingane for retinex-filteret

For å forstå dette filteret treng ein ein god dose høgare matematikk. Sidan føremålet med filteret er å gjere biletet visuelt betre, er den enklaste måten å prøva ulike innstillingar for filteret og studera resultatet etter kvart i førehandsvisinga. Bruk eventuelt forklaringa nedanfor som ei enkel rettleiing.

Nivå

Utviklaren av dette programtillegget skriv på nettsiden ([PLUGIN-RETINEX]) sin: «For å karakterisera fargevariasjonane og lyskjelda vert det gjort ein skilnad i intensiteten mellom dei (gaussiske) filterresponsane ved å setje ulike skalaer. Desse parametera gjer det mogleg å spesifisera korleis du skal fordela verdiane mellom minimum skalaverdi (sigma 2,0) og maksimum (der sigma er lik biletstorleiken)».

Einsarta

Gjer at område med høg og låg intensitet vert handsama nokolunde likt.

Lågt

Til vanleg vil dette valet «lyse opp» område med låg intensitet i biletet.

Høgt

Ser ut til å «gløyme» område med låg intensitet i favør av ei betre utteikning av dei klårare områda i biletet.

Skalering

Bestemmer djupna på retinexskalaen. Minimumsverdien 16 lagar ei grov, uraffinert filtrering. Maksimumverdien er 250. Optimal og normal innstilling er sett til 240.

Gjentakingar

Bestemmer kor mange gonger Retinexfilteret skal køyrast. Det vert tilrådd å bruke tre gjennomkøyringar, noko som også er minimum. Med ei eller to gjennomkøyringar mister ein mykje av effekten og ender opp med ei enkel Retinexfiltrering. Høge verdiar vil ofte generere støy i biletet.

Dynamikk

Sidan MSR-algoritmen har ein tendens til å gjere biletet lysare, kan du justera fargemetninga med denne glidebrytaren. Ein høgare verdi betyr mindre fargemetning. Effekten er svært avhengig av innhaldet i biletet, så her er det best å prøve seg fram med ulike verdiar.