8.47. Fjerna striper

8.47.1. Oversyn

Det vert brukt for å fjerna loddrette stripe laga av dårlege skannarar. Det fungerer ved å leggja til eit mønster som blandar seg med biletet og fjernar striper viss innstillange passar. Dette «negative» mønsteret vert rekna ut frå loddrette element i biletet, så du bør ikkje verta overraska om førehandsvisinga syner striper på eit bilete som ikkje har striper. Set du mønster-«styrken» for høgt, vert det også striper.

Viss ei stripe er der framleis etter første gjennomkøyring, kan du gjera eit rektangulært utval av området og bruka filteret på nytt. (Alle andre utvalstypar vil stort sett gjera resultatet verre).

8.47.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen under FargarTonetilordning Retinex….

8.47.3. Innstillingar

Figur 16.218. Innstillingane for filteret «fjerna striper»

Innstillingane for filteret «fjerna striper»

Førehandsvising

Viss denne er avmerkt, vert resultata av parameterinnstillingane viste i førehandsvisinga. Du kan flytta rundt i biletet med rulefelt.

Laga histogram

Dette «histogrammet» er eit svart-kvitt-bilete som viser interferensmønsteret meir leseleg.

Breidd

Du kan setja «styrke» (2 - 100) på filteret med glidebrytar eller innskrivingaboks: Meir enn 60 er sjeldan nødvendig og kan i tillegg laga falske indikasjonar.