5.4. Eksportere fil

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1912 $ 2007-03-22 KoSt

Dialogen “Eksportere fil” blir opna når du prøver å lagra ei fil i eit format som ikkje har støtte for gjennomsikt eller biletlag.

Filformatet støttar ikkje animasjon

Portable Network Graphics (PNG)

Figur 13.76. Dialogen for eksport som PNG-fil

Dialogen for eksport som PNG-fil

PNG-formatet er brukbart til det aller meste, men har ikkje støtte for animasjon og lag. Prøver du å lagra eit bilete med slike eigenskapar i PNG-format, dukkar eksportdialogen opp.

JPEG File Interchange Format (JFIF, JPEG)

Figur 13.77. Dialogen for eksport som JPG-fil

Dialogen for eksport som JPG-fil

JPG-formatet blir mykje bruk når det er behov for å komprimere bileta, men har ikkje støtte for animasjon og gjennomsikt. Prøver du å lagra eit bilete med slike eigenskapar i JPG-format, dukkar eksportdialogen opp.

Filformatet støttar animasjon

Multiple-Image Network Graphics (MNG)

Figur 13.78. Dialogen for eksport som MNG-fil

Dialogen for eksport som MNG-fil

MNG-formatet blir brukt for å vise animasjonar. MNG har også støtte for 256 grader av gjennomsikt, men dette er ikkje tilgjengeleg i Internet Explorer 6. Eksportdialogen gir deg høve til å fininnstilla ein del parametrar for animasjonen. (Eg har ikkje dette formatet tilgjengeleg i min maskin, difor “engelsk” bilete).

Graphics Interchange Format (GIF)

Figur 13.79. Dialogen for eksport som GIF-fil

Dialogen for eksport som GIF-fil

GIF-formatet har støtte for 256 fargar og 2 nivå av gjennomsikt. Formatet er mindre sofistikert enn MNG, men blir støtta av Internet Explorer.

Dialogen gir deg to val, anten å Flat ut biletet eller å Lagra som animasjon. Sjå Lagra som GIF i ordlista.

Dersom du ikkje har omforma biletet til indeksert format, vil du også få valet mellom å Konverter til gråtoner eller Konverter til indeksert ved å nytta standardinnstillingane. Denne omforminga kan gi uventa resultat. Fargane kan bli nokså forandra. Dessutan kan du faktisk risikera at biletet blir større enn om du hadde lagra det som JPEG, sjølv om kvaliteten kan vere dårlegare. (Biletet av GIF-dialogen stemmer kanskje ikkje heilt. Dette på grunn av maskinoppsettet mitt. Skal retta når eg får tid).