15. Animasjonsfiltra

Dette er filter som kan vere til hjelp for å optimalisere animasjonane ved å redusere filstorleiken. Eitt av filtra blir brukt for å køyre animasjonar. Sidan dei er så like kvarandre, har vi slått saman omtalen av filtra “Optimer (Differanse)” og “Optimer (GIF)”.

15.1. Optimer

15.1.1. Oversyn

Figur 15.291. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

I denne animasjonen går den raude ballen på skrå nedover forbi ein del loddrette søyler. Filstorleik 600 Kb.

Eksempel på bruk av filteret

Optimer (Differanse): Laga inneheld bare den delen som blir brukt for å skjule spora etter kula. Resten er gjennomsiktige. Filstorleik: 153 Kb.

Eksempel på bruk av filteret

Optimer (GIF): Laga inneheld bare den rekatangulære delen som blir brukt for å skjule spora etter kula. Resten er gjennomsiktige. Filstorleik: 154 Kb, altså lite grann større enn førre eksemplet. Lagstorleiken er likevel redusert.


Ein animasjon kan innehalde mange biletlag, noe som kan gi svært store filer. Dette kan vere irriterande i nettsider. Optimeringsfilteret vil redusere filene utan at det går ut over animasjonen. Dette blir gjort ved at alle elementa som går igjen i alle laga bare blir lagra i eitt lag. Bare det som er forandra i kvart lag blir lagra.

GIMP inneheld to optimiseringsfilter: Optimiser (Differanse) og Optimiser (GIF). Sluttresultatet blir nokså nær det same for begge filtra.

15.1.2. Å opne filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAnimasjonOptimer (Differanse) og FilterAnimasjonOptimer (GIF)

15.1.3. Innstillingar

Dette filteret har ingen innstillingar.